Dette er ein stort anlagd roman, den første i ein trilogi, som fortel om jordmora Hillevi og etterkomarane hennar, samt om fattigguten Elis som blir landflyktig kunstnar. Men trilogien som sådan er kanskje først og fremst ei forteljing om utkant-Sverige, eller Jamtland for å vere meir spesifikk.

Lesaren møter Hillevi som nyutdanna jordmor i 1916. Ho svermar for presten Edvard Nolin, og då denne blir kalla til eit sokn i Jamtland sørger ho for å få jordmorpost i same området. Men presten er ikkje vidare begeistra for dette tiltaket, for det første kan han ikkje ha på seg at han driv med lauslivnad, og for det andre ser han nok føre seg at han skal gjere eit betre gifte. Innan det blir klart for Hillevi at presten ikkje er noko å satse på så har ho blitt så knytta til området, både til den flotte og mektige naturen og til folket som bur der, at ho berre må bli verande.

Det første jordmoroppdraget er hjå ei ungjente på eit fattig gardsbruk med knugande atmosfære. Husbonden tuktar familien hardt, og sjølv om det aular med folk i huset er det stille som i grava. Skildringa av denne fødselen er noko av det mest skakande eg har lest dei seinare åra. Den antatte barnefaren, Elis, er også berre ein unggut, og som følge av hendingar i etterkant av fødselen så vel han å flykte over til Norge. Ein stor del av boka handlar om lagnaden hans.

Ein møter mange personar i denne boka, både i Jamtland og Trøndelag og andre stadar, og det er byfolk, bygdefolk og samar. Eklund malar ut dei ulike personlegheitene med sikker penn, og utan å overforklare. Det er heile tida rom for å la lesaren tenke seg til det som manglar. Men der Eklund etter mitt syn er aller, aller best er når ho skildrar natur og landskap. Ein får kjensla av at forfattaren ikkje berre elskar, men ER dette landskapet. Ho flytta for øvrig til Valsjöbyn i Jamtland rundt 50 år gamal, og bodde der i 24 år. Det er rimeleg å anta at denne bygda har tent som modell for Svartvatn, sentrum for hendingane i denne trilogien.

Eg las denne boka saman med Lesesirkelen av 2014, takk til alle som bidro i diskusjonen undervegs.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

TuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaSivHanne Kvernmo RyeConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalHarald KPirelliTone HFride LindsethelmeEllen E. MartolPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundAvaKjell F TislevollVegard BorgenNorah