Morten Strøksnes er glad i å fiske, og han er glad i å fortelje. Når ein då har skriving som levebrød kan det virke som ein god ide å skrive ei forteljing om ein fisketur. Og når fisketuren er av det smått spektakulære slaget så kan det lett bli ei god bok utav det. Og det blei det.

Håkjerringa er ein ganske stor fisk som lever på djupna i Nord-Atlanteren. Der tek den livet med ro, og det har den tid til for den kan bli fleire hundre år gamal. Og sidan den smakar fælt, ja, rett og slett er giftig, så treng den stort sett ikkje om å uroe seg for å bli fiska. Men ein og annan finn på at dei skal prøve å fiske den likevel, om ikkje anna enn så fordi det er vanskeleg. Og det er gjerne nettopp derfor Strøksnes og kameraten Hugo Aasjord vil prøve å fiske den.

Som undertittelen antyder så gjeng det ikkje på første forsøket. Ikkje på andre heller, enn seie det tredje. Men om det lukkast eller ikkje blir etter kvart ikkje så viktig, for fisketuren er nesten som eit påskot til å fortelje om havet, og om kystkultur. Og her pøsast det på med interessante faktaopplysningar, kuriøse anekdotar og nydelege natursklidringar, alt med varierande relevans for sjølve fisketuren.

Jau, boka var god og underhaldande. Og opplysande. Eg måtte slå opp i wikipedia ein del gangar, samt Google Maps, Streetview, etc for å sjå scenene for meg og suge til meg meir av stemninga. Nei, eg blir nok aldri noko båtmenneske eller noko til fiskar. Men det er moro å lese om andre som har glede av det.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandJakob SæthreAud- HelenBård StørePiippokattaReidun Anette AugustinLailaHelena EGodemineritaolineHanne Kvernmo RyeMads Leonard HolviksomniferumStine SevilhaugAnne Berit GrønbechLars MæhlumJulie StensethAnnamarithcTonesen81Harald KTheaTove Obrestad WøienRufsetufsaKjetilJorund KorbiKjersti SLilith NagelIngunn SHeidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimge