Definitivt mange medisinske ord og uttrykk. Personleg syntes eg det gjekk greit å lesa på engelsk, då dei mest tekniske og faglege uttrykka oftast blir forklart greit i teksten. For lesarar utan særleg medisinsk forkunnskap, vil vel dei uttrykka vera nye uansett. Då gjer det jo for så vidt ikkje så mykje frå eller til om du lærer dei på norsk eller engelsk.

Så den største utfordringa er vel om ein ikkje er kjent med meir allmenne anatomiske uttrykk på engelsk – dei kjem jo ofte direkte frå latin, og liknar difor lite på dei norske orda, som t.d. «cervix» for livmorhals og «pancreas» for bukspyttkjertel.

Med det sagt, så trur eg ikkje dette er ei bok av typen som tapar stort i omsettinga, så om du er i tvil, så ville eg vel tilrådd å lesa boka på norsk. Då er det jo meir sannsynleg at du kjem til å kjenna igjen faguttrykka òg, om du ein gong skulle finna deg i den uheldige situasjonen at du må forholda deg til dei på eit norsk sjukehus eller legekontor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lene AndresenTorTone HEirin EftevandGro-Anita RoenTove Obrestad WøienStein KippersundLars MæhlumHeidi HoltanWenche VargasSolVivaLaLivreReadninggirl30Sigrid NygaardLinda RastengretemorKristine LouiseLisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal Vikhagen