Flott forteljing om ein hundekvalp som kjem bort frå heimen sin på seinvinteren, og kom korleis han klarer seg i skog og øydemark gjennom dei nærmaste månadane. Forfattaren tek i store delar av boka hundekvalpen sitt eige perspektiv. No har eg aldri prøvd å vere hund, men formidlinga av korleis hunden oppfattar omgjevnadane sine verkar særs truverdig for meg. Jack London imponerte meg med dette i Når villdyret våkner, men Ekman greier det etter mitt syn enno betre.

Vidare fell ikkje Ekman for freistinga til å overdrive i skildringane av vanskane kvalpen må vinne over. Det ville vært lett å dikte opp mykje meir dramatiske hendingar undervegs. Men dette er ikkje ei slik bok. Det er heller kvalpen sin mogning gjennom erfaringane han gjer som er essensen i forteljinga. Og så må ein ikkje gløyme dei flotte naturskildringane, det er så nært og detaljert at ein mest får kjensla av å vere kvalpen der han luntar rundt i skogen.

Eg skal på ingen måte underslå at denne boka traff meg ekstra godt sidan vi sjølve har ein unghund i heimen. Likevel trur eg boka vil falle i smak også for lesarar som ikkje har eit forhold til hund, ja kanskje endåtil for lesarar som beint fram avskyr hundar. Skulle det finnast lesarar som avskyr dyr og natur i det store og heile, derimot, held eg det for truleg at dei ikkje vil ha så stort utbytte av den. Med unntak av språket, kanskje, som eg også tykte var bra. Der var eit par små oversetjingsfeil, men det ser eg stort på for dette var ei leseoppleving av dei sjeldne. Soleklar 6’er frå meg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Knut HauglandTherese HolmKirsten LundHarald KAlice NordliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudSigrid Blytt TøsdalBeathe SolbergBjørg RistvedtNorahINA TORNESTove Obrestad WøienHeidiMathiasSiv ÅrdalStine AskeJulie StensethmgeReidun Anette AugustinTrude JensenAnniken RøilVilde Gran JohansenHanne MidtsundPiippokattaMarit HøvdeBertyTone SundlandStig TTheaKaren RamsvikHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikRisRosOgKlagingEllen E. MartolToveKaramasov11VibekeChristoffer SmedaasLise MuntheCathrine Pedersen