Meursault er ein ung franskmann busett i Alger, og er forteljarstemma i boka. Han har ei forholdsvis likegyldig innstilling til omgjevnadane sine og til sitt eige liv. Det er nett som om han berre let seg drive med, uengasjert, men likevel observerande og tenkande.Når Meresault nærmast ved eit uhell gjer seg skuldig i eit alvorleg brotsverk, blir han fengsla og stilt for retten. Her blir den likegyldige innstillinga hans brukt mot han for alt det er verdt.

Essensen i boka, slik eg ser det, er at Camus problematiserer at ein dømmer menneske ut frå oppfatningar av moral, og ikkje berre ut frå kva dei har gjort. Meursault er ingen spesielt tiltalande type; jaudå han har sympatiske trekk også, men den manglande interessen t.d. for mora sitt dødsfall provoserer også meg. Men er ein person ondare enn dei onde gjerningane han faktisk har gjort? Og i tilfelle ja, skal han i såfall dømmast for det? Eg er ikkje lovkyndig på nokon måte, men eg vil anta at dette faktisk kan skje, også i Norge. Og det er tankevekkande.

Tittelen på boka, Den fremmede, tek eg for gitt er mynta på hovudpersonen. Han er trefold framand; eksil-franskmann i ein kolonistat, framand i forhold til samfunnet han er ein del av, og ein framand i sitt eige liv.

Ålreit bok, den første av Camus for min del.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethAnnamarithcTonesen81Harald KTheaTove Obrestad WøienRufsetufsaKjetilsomniferumJorund KorbiKjersti SHanne Kvernmo RyeLilith NagelIngunn SHeidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaSivConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalPirelli