Ei fonøyeleg skildring om korleis det var å vere 12 år i ei vestlandsbygd i 1964. Mykje humor, ein del nostalgi, litt poesi, og litt alvor.

Hovudpersonen, som også er forteljarstemma, er den mellomste i ein syskjenflokk på 3, med ei smårebelsk storesøster på 15 og ein superintelligent bror på 6. Der er egentleg ikkje nokon spesiell handling eller plott i boka, men heller ein serie episoder som kjem kronologisk ettersom året gjeng. Saman med klassekompisane Erling og prestesonen finn hovudpersonen på mykje enkel moro, det byrjar ei ny jente på skulen, og i bakgrunnen er det sprekkar i den ekteskaplege harmonien i heimen.

Der er mange herlege typer i forteljinga; småkriminelle ungdomar, alkoholiserte bygdetullingar, fanatiske predikantar, ein filosofisk gravar, og kanskje Wenche Myhre, for å nemne nokre. Den kanskje flottaste skildringa er av outsidaren Kåre, som kjem frå ein dårleg heim, og som søkjer å vere ven med hovudpersonen.

Det er ikkje berre morosame ting som skjer i boka, der er også mørke løyndomar i bygda, og ei alvorleg hending set preg på året. Likevel held forfattaren ein viss humoristisk distanse til alt som skjer, og det fungerer greit. Dette er den andre boka eg les av Hovland, eg kvir meg på ingen måte for å lese meir av han. Godkjent, og vel så det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Dette ser jammen ut til å vere noko for meg ut frå både sitata og omtalen din! Må legge den i ønskelista, sjølv om eg no har som mål å få redusert skal-lese- lista mi drastisk!
Har heldigvis ei Hovland bok der, så eg kan starte med den, nemlig Stille natt
Håper at den også kan gi ei triveleg stund....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stille natt har eg ikkje lest, men eg ser at det er mange som liker den. Så det er lov å håpe på at den er fin, den også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg har denne som lydbok, og jeg har stor sans for Hovland. kanskje på tide å finne den fram snart ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete Amundsen