Ei merkeleg lita bok, som kanskje best kan samanfattast som ein vestlandsversjon av Juleevangeliet, minus jomfru-biten og englar og slikt, og med ein undertone av Bonnie and Clyde.

Ungdomane Asle og Alida er kjærestar, av fattig slekt, huslause, og utan moglegheiter til å skaffe trygge forhold for Alida som snart skal føde. Dermed reiser dei til Bjørgvin, med von om å finne husvære der, og etter kvart også arbeid for Asle. Forteljinga startar i Bjørgvin, og ein får tilbakeblikk, og endåtil tilbakeblikk i tilbakeblikka, om dei tidlegare hendingane og om livshistoriene deira.

Stilen i boka er særeigen, med sidelange setningar somme tider, og knappe dialogar andre tider. Ein del fraser blir også repetert ein del, og nettopp her fekk eg assosiasjonar til Dag Solstad, eller rettare sagt 17. roman, som er den einaste boka eg har lest av han hittil, og der det blei gjort eit liknande grep. Men tilbake til Fosse og Andvake, så oppfattar eg teksta, og kanskje spesielt dialogen, nærmast som naiv, men samstundes så er der mykje usagt som trigger fantasien til lesaren.

Og så er eg usikker på om Asle og Alida er lettare tilbakeståande, eller om det er den naive tonen i teksta som får meg til å tenke i dei baner. Det som derimot er heilt klart at kjærleiken dei kjenner for einannan er så sterk at han skuggar for alt anna. Alt handlar om at den andre skal ha det bra, alt anna er uvesentleg. Denne sida av historia var beint fram rørande.

Historia held fram i Olavs Draumar og Kveldsvævd. Det blir nok til at eg må lese desse to også. Etter kvart.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Hanne MidtsundPiippokattaMarit HøvdeBertyTone SundlandStig TTheaKaren RamsvikHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikRisRosOgKlagingEllen E. MartolToveKaramasov11VibekeChristoffer SmedaasINA TORNESKirsten LundLise MuntheCathrine PedersenAnneWangBjørg L.BookiacHilde H HelsethTrude JensenHarald KBjørg Marit TinholtEvaHelena EJulie StensethBerit B LieTor-Arne JensenBenteBeathe SolbergAnnaCamillaMathiasAina LøhreTuridmajaTine Sundal