Eg har no vore med her inne på bokelskere.no i ca toogeithalvt år, og sidan eg har ei lita stille stund for meg sjølv her, begynte eg å fundere på kvifor eg likar denne nettstaden så godt....

Eg hadde vore innom fleire gonger for å sjekke bøker, før eg fekk ei lang periode der eg måtte halde meg i heimen - og vart freista til å melde meg som bokelskar. Det har eg ikkje angra på, fordi:

Eg har for det første fått registrert alle bøkene, det er lett å finne ut om eg har ei bok eller ikkje (så sant eg ikkje har lånt den ut til ein eller annan eg ikkje huskar...)

Eg slår ofte opp her før eg kjøper bøker, og kan vurdere om dette verkeleg er noko for meg
(med unntak av ein del impulskjøp - som går både i pluss og minus). Og- ein ting er sikkert: boktipsa eg har fått her inne er mange, mange :-D

Eg har lært meg å lese på ein annan måte - der eg prøver å meir reflektere over innhaldet. Det likar eg godt, sidan eg får eit anna syn på innhaldet både i bøker eg les for første gong, og bøker eg les omatt.

Det eg likar - nesten aller best - er bokdiskusjonane! Det er så positivt at vi kan delta i diskusjonar, vurderingar og omtaler som ofte gir meg som lesar eit meir nyansert syn både på språk og innhald. Og - om vi ikkje deltek sjølve, så kan vi lese kva andre meiner om litteratur vi har interesse av.

Derfor: takk til Andre Nesse og Tore Renberg som konstruerte nettstaden - og takk til alle som deltek med gode innspel!
Godt nytt leseår til alle!

Godt sagt! (25) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Eller, jeg mener, jeg liker egentlig ikke bokelskere.no, ikke i det hele tatt. Jeg ELSKER det!!!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mee 2

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaSivHanne Kvernmo RyeConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MTanteMamieReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalHarald KPirelliTone HFride LindsethelmeEllen E. MartolPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundAvaKjell F TislevollVegard BorgenNorahStig T