Dette er nok den mest kjende brasilianske boka gjennom tidene, i alle fall i Brasil. På nettstaden skoob, ein brasiliansk variant av Bokelskere, er dette den suverent mest leste brasilianske boka (men likevel eit stykke bak Harry Potter- og Twilight-bøkene) med over dobbelt så mange lesarar som dei neste brasilianske bøkene på lista, Capitães de Areia av Jorge Amado og den i Norge litt meir kjende Alkymisten av Paulo Coelho. Dette gjenspeiler nok ikkje berre smaken til den jevne brasilianske bokelskaren, men kanskje like mykje det at Dom Casmurro er obligatorisk lesing i mange skular.

Boka handlar kort sagt om overklasseguten Bento Santiago, som er forteljar i første person, og om kjærleiken, og etter kvart sjalusien, han kjenner for Capitolina. Forteljinga er lagt til Rio de Janeiro, den startar i 1857 medan Bentinho er 15 og Capitú 14 år gamle og finn ut at dei er forelska i einannan og sluttar nokre tiår seinare. Over halvparten av boka handlar om byrjinga av forholdet, der Bentinho mellom anna må frigjerast frå mora sitt løfte om at han skal bli prest, medan siste delen av boka på finurleg og overtydande vis viser korleis forholdet surnar på grunn av Bento sin sjalusi. Ved siden av sjøve familiedramaet som blir skildra, så får ein også eit innblikk i det som fortonar seg som ei overklasseboble i Brasil på andre halvdel av 1800-talet.

Språkleg var boka svært krevjande. Machado de Assis skriv (skreiv) elegant og raffinert, og eleganse og raffinement i det portugisiske språket er ikkje denne lesaren sin styrke. I tillegg er teksta spekka med referansar og allusjonar til klassiske litterære verk (Bibelen, Homer, Shakespeare, Goethe, …) og til gresk og romersk mytologi. I mi utgåve av boka var det heldigvis fotnotar som forklarte dette nærmare. For ein intellektuell brasilianar er det truleg ein fryd å lese denne boka, men for min del vart det litt for mykje. Boka finnest også på norsk. Eg vil tru at eg hadde hatt større utbytte av å lese den norske utgava, det hadde kanskje resultert i eit ekstra auge på terningen, men det er også moro å strekke seg mot eit høgare nivå enn det ein ligg på sjølv.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundEllen E. Martol