Eg bestemte meg for å lese Frode Gryttens nyaste før eg visste kva den handla om. Eg visste berre at den er ein roman. Då eg fann ut at den handla om The Clash vart eg skeptisk. Eg har ikkje noko forhold til The Clash anna enn at eg veit at dei har ein song som heiter "Should I stay or should I go" og ein som heiter "London Calling", så eg tenkte at romanen måtte vere for spesielt interesserte.

Men så hadde eg brått romanen i handa og ga den eit forsøk. Kapitla er delt inn etter bandmedlemmane og er slik ulike i energi og tempo. Men dei er samstundes like grunna stemninga forfattaren legg i boka og alle dei vakre formuleringane. Det er heilt spesielt å lese ei bok om eit britisk band på nynorsk. Av og til fekk eg ei kjensle av at boka måtte vere omsett, men ikkje på ein negativ måte. No høyrer eg på "London calling" med ståpels.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValeVannflaskeKjersti STine VictoriaHeidi HoltanLabbelineIngunnJNorahJBLinnJeanettePer LundSigrid NygaardMarianneNCathrine PedersenTonjeJane Foss HaugenRufsetufsaJoakimHilde Merete GjessingPernille GrimelandBente NogvaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde H HelsethKarin BerggretemorTanteMamieChristoffer SmedaasPiippokattaKirsten LundStig TLiv-Torill AustgulenellinoronilleBeathe SolbergNabodamaLesevimsaGro-Anita RoenIngvild SCarine OlsrødAnne Berit Grønbech