Ser at det er sterke meiningar om denne boka! Det gjer no boka litt meir interessant. Eg lurer på kva Hjorth eigentleg ønskjer å si med denne boka. For meg handla dette om eit yrke i dagens samfunn: Å vere kommunikasjonsrådgivar - som jo er in i tida. Meiner å ha lese at talet på slike kommunikasjonsrådgjevarar er sterkt aukande, også i staten. I dette yrket er Ellinor betalt for å fremme bestemte saker og meiningar.. Men kanskje utan å stå inne for dei same synspunkta - personleg. Det er ein del av Ellinor sitt problem - at ho eigentleg ikkje er engasjert i noko. Dette syntes eg er bra formidla.

Som personportrett av Ellinor syntes eg ikkje boka fungerer godt. Det trur eg kanskje ikkje er forfattaren sin ambisjon heller... Men at livet hennar er tomt og innhaldslaust, syntes eg kjem godt fram. Då kjedar me oss i lag med henne...

Det eg har problem med å godta i denne romanen, er at "spenninga" i siste del av boka er knytta til AP sitt landsmøte og deira vedtak om postdirektivet. Her veit me jo alle at det blei opprør mot partileiinga. Vigdis Hjorth burde knytta drivet el spenninga til noko anna! For meg vart difor første del av boka best.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

GunillaRandiAMorten MüllerTorill RevheimMarianne AugustasiljehusmorSynnøve H HoelJBHarald KVariosaAvaInger-LiseHelena EAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEli HagelundBeate KristinAlice NordliHanne Kvernmo RyeVidar RingstrømTone HKirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarte