Takk for interesse! Til vanleg skriv eg inn sitat berre for min eigen del - eg vil lett kunne finne dei fram, eg ser kva side dei står på osv. Derfor bruker eg ikkje å setje om sitat frå andre språk enn norsk. Kjem eg sjølv over sitat på språk som eg ikkje kan her på sida, tenkjer eg vel at her har vi ein ivrig bokelskar som vil ta vare på god bruk av språk og intellekt hos ein forfattar, og så går eg vidare i mi eiga lesing.
Men du skriv så grundig at du skal få det svaret som du ber om. Forfattaren, Diego de Torres Villarroel, hadde eg ikkje hørt om før eg studerte i Salamanca ein del av ein sommar for nokre år sidan. Salamanca var europeisk kulturby i 2002, og hadde gitt ut små bøker med utdrag av verka til forfattarar som hadde hadde tilknyting til byen, og eg fekk ein del av desse bøkene. Du kan sikkert finne stoff om han på Internett. Så språket er altså kastiljansk, eller spansk, som vi ofte seier. Eg er usikker på kva du legg i "norsk/nynorsk", men her har eg skrive teksta på norsk (formuleringar kan alltids diskuterast, og det er ikkje så lett med nyansar, men sitatet skulle bety noko slikt som
Somme bøker er avtrykk av sjelene åt forfattarane deira, somme er bilete på kjenslene deira, somme er dei opphavlege draumane deira og somme gjev livfullt att lastane, dygdene, dugleikane og domane deira. Bøker er som menneska; somme er gode, somme er slette; somme er småe og andre store, somme er helgenar og andre syndarar; men dei fleste er slette, for såleis er dei fleste menneska i verda; og fordi det er vi som har laga dei, er det ikkje til å unngå at dei vitnar om vankunna, fåfengda, sjølvrosen og dårskapen vår.
Du klarer deg sikkert godt utan min venn Diego. Eg ville ha prioritert andre forfattarar, men nå hadde eg moro av å ta fram att boka og lese heile (heldivis er ho kort). Les du Holberg, får du godt innblikk i epoken og måten å tenkje på. Eg for min del har fleire bøker av Thomas Mann i hylla, men Der Zauberberg har eg ikkje fått opna - ennå.
Viser 1 svar.
Mange tusen takk for tilbakemelding. Jeg må gjenta at du må være svært språkmektig og i tillegg ver en sann bokelsker! Jeg må medgi jeg følte meg en smule "dum" da jeg la inn spørsmålet og jeg var redd du skulle missoppfatte det. Heldigvis gjorde du ikke det. Som en sann teaterenn kjenner jeg godt Holberg gjennom hans "Comoedier" hvorav jeg har sett noen fremført på scenen, andre har jeg lest. Så "innblikk i epoken" har jeg ganske riktig og dermed også som du så treffende sier: "måten å tenke på".
Et berikende svar for meg i aller høyeste grad! Dødende er du nok som oss andre, men ikke alle dødende er like. Heldigvis. Måtte du få noen gode lesestunder i helgen! - og; stjernen er høyst velfortjent!