Ei liti bygd på Vestlandet er dei siste i Noreg som klamrar seg til nynorsken. Her tviheld dei på språket sitt, og ingen er likeglade. På skulen har dei a- og i-klassar, og butikkjeda Lekeland må finna seg i å få ein ekstra i. Her bur folk som Lena Uthus, som tek bilete av snorer og går i 7a, Bendik Uføre som heiar på mjøl og køyrer Toyoti, og Orm Åkerstein som i sjølvforsvar mot bokmålsreklame køyrer postbilen på sjøen. Men det finst òg mørkare nynorskkrefter. Kva skjedde med austlandsdirigenten som ikkje tok den nynorske songskatten på alvor? Kva vil Sylvia med Bendik? Og kva vondt har eigentleg bjørnen Ivar i Kristiansand gjort Vassbygda og Vassbygdi Vel?

Det er noko Are Kalvøsk over Kolerud sin roman. Den er full av innfall og idear ein kan nikka gjenkjennande til, observasjonar og lattervekkande hendingar, og ein vill harselas med både målfolk og andre folk. Språket er levande, drivande og lett, til likskap med det meste av handlinga. Men til tider går det for langt, eg tek meg i å tenkja at både historia og personane kunne vore meir sympatiske om det stoppa litt tidlegare, om det verste som skjedde var postbilar på havsens botn og skremte ungar som skriv "25 kr korgi" i stadenfor "pr korg." Militante målfolk er nok morosamt, men det kunne vore enno moroare hadde det vore mindre vellukka. Det er òg ein del personar ein aldri heilt vert kjent med og historier som ikkje får sin ende, men det kan ha samanheng med at dette er berre fyrste av tre romanar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenHilde VrangsagenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenHarald KTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterIngeborg GCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_Meson