Eg er kanskje den einaste i verda som ikkje likar denne boka. Eg veit at boka er god (kven det no er som bestemmer det) og eg veit at det er ein kjend forfattar som skildrar barndommen sin vakkert. Likevel var det slik at eg tok meg i å legge frå meg boka med tankane fordjupa i andre ting. Det skulle ta ganske lang tid føre det gjekk opp for meg at eg ikkje lengre hadde nasa i boka og sinnet på Vestlandet.

Eg ser vakre karakterskildringar, eg ser vakkert landskap, eg ser fine tankesprang og leikne måtar å framstille barns tankemåte. Likevel fenger det ikkje meg. Kanskje er passar det for ei anna generasjon enn mi. Kanskje er det noko i språket som gjer det vanskeleg for meg å henge med. Kanskje er det historia i seg sjølv som ikkje tyder noko som helst for meg. Eller kanskje eg ikkje var i rett sinnstemning for boka.

Hadde det ikkje vore for at eg har denne boka på pensumlista ville eg nok lagt ho frå meg for godt. Eg har i så måte ikkje noko negativt å seie. Her trur eg det er mitt interessefelt som ikkje er det rette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Karina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenKirsten LundAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn DuaasHegeArne SjønnesenalpakkaJulie StensethJan-Olav SelforsAnne-Stine Ruud HusevågLeseaaseSigrid NygaardIngeborg GThomas Røst StenerudEgil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas Boklesersvein