Bolken er lang, og eg har brukt mykje plass på å kommentere fyrste delen av det fyrste kapitlet. Derfor postlegg eg denne kommentaren her, så får vi ta resten av bolken etter kvart:

I denne bolken er dQ på veg til og kjem inn i Barcelona. Han går her nesten inn i forteljinga om seg sjølv for å vise at den falske forfattaren tek feil (II.60). Han synest at SP er slapp – og trekkjer parallellar mellom seg sjølv og Aleksander den store, som ordna den gordiske knuten. Men SP tek litt innersvingen her på herren sin og krev orden i sysakene – ja, eit lite opprør mot etablerte maktstrukturar er dette: «¿Contra tu amo y señor natural te desmandas?» («Set du deg opp mot husbonden og den naturlege herren din?») spør dQ. Er ikkje stillingane så naturgitte likevel? SP er sin eigen herre – «ayúdome a mi, que soy mi señor» (heile denne replikken er frå eit ordtak om å hjelpe seg sjølv). SP gir seg ikkje; han siterer ein romance, dei siste verselinjene i den kjenderomancen «A cazar va don Rodrigo», seier LAM (svikt i allmenndanninga her; eg kjenner ikkje denne romancen, men kanskje står han i ei samling eg har):

Aquí morirás, traidor,
enemigo de doña Sancha

Det seier litt om forholda der nede på den tida at dQ skjønner at han nærmar seg Barcelona fordi det heng så mange lik i trea! Dette var lika av landevegsrøvarar, bandoleros, og dQ og SP blir raskt tekne til fange av nokon som driv i denne bransjen. Leiaren deira er ein person som faktisk har levd, fortel LAM. Pedro – eller Perot – Roca Guinarda er ein famosa personaje histórico, får eg vite, og eg skammar meg på ny: han er ukjend for meg. Fødd i 1582, i alle fall, som om det skulle hjelpe på (i 1614 ville han vere i trettiåra, slik Cervantes skriv at el capitán er). Cervantes teiknar eit idealiserande bilete av han – med edelt sinn, riddarleg verdiar, vågemot, høvisk framferd og det eine med det andre; dei to fotnotane om denne karen og landevegsrøvarar generelt er faktisk ein av dei lengste i heile boka. Cervantes «forspanskar» - castellaiza - det katalanske namnet hans til Roque Guinart, Røvaren hamna i Italia, og var i live i 1630, i alle fall. Kanskje, seier LAM, las han om seg sjølv i romanen, der Cervantes portretterte og idealiserte han. Sikkert artig, ja!

Interessant er forresten at Roque Guinart seier at dQ ikkje skal vere så lei seg, for han har ikkje falle i hendene på «algún cruel Osiris». LAM opplyser at han her seier «Osiris» i staden for «Busiris», som etter legenda var konge i Egypt. W bruker berre «Busiris», så her går vi glipp av ei forveksling, for Osiris var jo sjølve guden.

Vi går vidare med resten av kapitlet ein annan dag, og klarer sikkert dei andre kapitla i bolken etter kvart.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Og for å gjere ferdig II.60:

Roque Guinart skjønner at dQs sjukdom hadde meir med å gjere med galskap enn med tapperhet («más en locura que en valentia»). Så kjem Claudia Jerónima, dotter av Simón Forte, og don Vicente. Kommentator LAM held fram med fotnotar om landevegsrøvarar, men dei får vente til neste gong eg les romanen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg måtte altså dele opp kommentarane mine; her er resten av bolken (II.61 og II.62), der dQ dreg inn i Barcelona – interessant å lese korleis han og SP opplevde å sjå havet. I dag kan ein ta rundturar med båt frå hamna og sjå byen frå havet. Inntoget skjer (i slutten av II.50) påla vispera de San Juan, jonsok; riddarpoesien, seier LAM, brukte dei kristne høgtidene for å strukturer handlinga. Nå ser dQ og SP havet for fyrste gong. Dette representerer ein tydeleg kontrast til tidlegare sinnsstemningar; her er det sol og glede i alle folk.

Så var det II.62, der dQ er hos Antonio Moreno. Dei et, og uttrykket manjar blanco (som W set om med «lyst fuglebrystkjøtt», og det er i hovudsak rett nok) er ein fransk rett, forklarer LAM (og seier at retten i tillegg til fuglebryst består av mjøl, sukker og rismjøl, kva nå dette siste kan bety) - og ein allusjon til «den falske Quijote». Denne Escotillo som blir nemnd, kan vere fleire personar, fortel LAM, så her er ulike teoriar ute og går. Og uttrykket Fugite partes adversae! har faktiske med eksorsisme å gjere (stadig LAM som kjelde): altså, skulle eg tru, at fiendane av korset kunne berre ha seg vekk. Det forheksa hovudet, «la cabeza encantada», har ingen kommentarar i utgåva mi.

Skiltet med «Her trykkes bøker» på - Aquí se imprimen libros - fanst faktisk i Barcelona på tida til Cervantes, men boka Le Bagattelle er ingen kjentd tittel i italiensk bokheim. Artig at dQ kan litt italiensk – det var jo kulturspråket, om ein kan seie det slik, den gongen. At latin og gresk er «las reinas de las lenguas», dronningane blant språka, kan eg skrive under på. Dei titlane som blir nemnde på slutten av kapitlet, er eg er faktiske titlar, men det ser ikkje ut til å vere nødvendig å gå grundigare inn på dei. Likevel: «Annen del av Den skarpsindige lavadelsmann don Quijote av la Mancha, skrevet av en innbygger av Tordesillas» visste visst alle, seier LAM, var eit falskneri.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fra sidelinjen; venter bare på å få ånden over meg til å lese verket. Håper trådene blir lette å finne etterpå. Leselysten går opp og ned i mente, det er derfor jeg ikke vil binde meg å være med på noen lesesirkel. Har hatt stor fornøyelse å følge med!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudCarine OlsrødLene MHilde H HelsethKaramasov11Kari ElisabethStein KippersundAnn Helen ETrude JensenBjørg L.Torill RevheimGodemineHarald KTone SundlandBente NogvaMarianne MKristine LouiseAgnete M. HafskjoldAnn-ElinalpakkaBeathe SolbergTonesen81RonnyTor Arne DahlKirsten LundPiippokattaCathrine PedersenEivind  VaksvikÅsmund ÅdnøyBirkaBerit B LieLabbelineJohn LarsenHeidi Nicoline ErtnæsLailaTone HLene AndresenAnne-Stine Ruud HusevågMarit MogstadTove Obrestad Wøien