Eg trudde eg hadde lese alle bøkene til Jane Austen, men oppdaga denne vesle romanen som var ei av dei første bøkene ho skreiv, og som blei utgitt etter hennar død.
Romanen er skriven i same stil som dei andre bøkene, men hovudpersonen i denne er usympatisk i motsetning til dei andre hovudpersonane til Austen. Boka handlar om den vakre, men egoistiske og manipulerande enka, Susan Vernon. Ho på jakt etter ein mann med pengar og posisjon. Den unge dottera si vil ho tvinge til å gifte seg med ein rik, men toskete mann. Dottera er ulykkeleg over dette, for ho kan ikkje fordra mannen. Susan klarer å sjarmere mange, men blir etter kvart gjennomskua av nokre. Boka er fortald i brevs form. Brev frå Susan til ei venninne og til slektningar, og brev frå Susan si svigerinne til denne si mor.
Denne romanen er ikkje rekna med blant dei "seks romanane" til Austen. Boka er ikkje så heilstøypt som desse. Slutten kunne absolutt vore betre. Men eg lika boka, - skulle berre ønske at ho hadde vore lengre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaHarald KTanteMamieRandiTone Maria JonassensiljehusmorKirsten LundAnniken RøilReidun Anette AugustinTerje MathisenLilleviJulie StensethAnn ChristinPirelliBenedicteritaolineVannflaskeTove Obrestad WøienAnne LiseAvaThereseEllen Berg InstefjordFyodor YovavichEli HagelundLars MæhlumThomas Heie H.Stig THeidi LAmanda ABjørg RistvedtHelge-Mikal HartvedtReadninggirl30Akima MontgomeryIreneleserHeidiTore OlsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagMalinn Hjortland