Viser 8 svar.
Så stor forskjell det er i produksjonen til Charles Dickens! Lucy i John M. Coetzees Vanære les den ufullførte romanen The Mystery of Edwin Drood ned stort utbytte, men meg grip han ikkje på same måten som med dei fleste andre romanane til Dickens. Utgåva mi inneheld òg ein del andre tekster ("Master Humphrey's Clock", "Hunted Down", "Holiday Romance" og "George Silverman's Explanation"), men heller ikkje dei appelerer. Ludvig Holberg vart gripen av det han kalla "den poetiske Raptus"; kanskje hadde Dickens ein slik raptus konstant gåande, og da kunne vel kvaliteten bli så som så innimellom. Uansett er denne boka med på å utdjupe og nyansere bildet av Charles Dickens, som vi begynte å feire 200-årsminnet til for tre og eit halvt år sidan.
Kanskje Edwin Drood-utstilling og interaktivt Edwin Droode-spel kan hjelpe på interessa for denne romanen?
Ja. Men eg kjem nok ikkje til Edwin Drood før etter at Dickens-året er over ...
Ja. The Mystery of Edwin Drood skal forresten filmast - med ein slutt som Gwyneth Hughs skal lage. Det skal bli artig å sjå kva BBC finn på her!