Diskusjonstråd for Little Dorrit er med dette oppretta. Heile leseplanen for utvalde verk av Charles Dickens ligg her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Eg driv framleis og feirar Dickens. For tida les eg den uhorveleg lange Little Dorrit - og ser BBCs dramatisering, litt kvar sundag. Tre fulle cd-ar, og dette er nok den beste filmatiseringa av ein roman, i alle fall Dickens-roman, som eg har sett. Ikkje rart at denne innspelinga har fått sju Emmy-prisar: "Outstanding Miniseries", "Outstanding Director", "Outstanding Writing", "Outstanding Casting", "Outstanding Costume", "Outstanding Cinematography" og "Outstanding Art Direction". Ramifrå, alt saman. perfekte skifte mellom senene og topp skodespelarar - frå Claire Foy i hovudrolla til den misnte birolla. Det blir ein fin vår og sommar, dette, men *Little Dorrit" i både bokform og på skjermen ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lenge før eg har begynt på Little Dorrit, ser eg i Henrik Ibsens Vildanden, som eg repeterer gjennom "Henrik Ibsens skrifter", at kommentarbindet opplyser at replikken "så behøvte jo ikke du og jeg noget varmt til middag" (det er når Gina og Hedvig går over hushaldningsrekneskapen mens Hjalmar er i middagsselskap og får varm mat hos grosserar Werle) kan jamførast med at Little Dorrit kjem med sin eigen mat heim til faren: "She had brought the meat home that she should have eaten herself". I omsetjing på Ibsens tid: "Hun havde bragt den Mad hjem, som hun selv skulde have spist." Litt søkt parallell, kanskje, men likevel ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne gangen ble boken lastet ned fra iTunes og det har vært 32 herlige timer med Simon Vance. Til nå er det denne boken av Dickens jeg har likt best. Det var lett å følge de forskjellige karakterene og den manglet de lange avstikkerne fra hovedhistorien. Boken er på mange måter like aktuell i dag og budskapet er at 'arbeid gjør glad' og at 'lykke ikke kan kjøpes for penger.'

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt at fleire ytrar seg positivt om denne romanen, som så absolutt inneheld svake parti, men som vinn gjennom hard kritikk av eksponentane for dei sosioøkonomiske forholda i samtida - særleg fordi forfattaren gjer dette med humor og ironi. Eg har lagt inn ein del perler her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Det er lov å prøve seg hehe.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenEivind  VaksvikPirelliLise MuntheMarenLeseaaseTheaRavnTove Obrestad Wøieningar hG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaBokToreKirsten LundGrete AastorpThomas KihlmanJørgen NAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMorten MüllerGodemine