Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

November må vere det næraste eg nokosinne kjem å leve under vatn. Kaldt og mørkt og vått og trestammane er brune og klissete som tang.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Haugen har vakse. Ting eg burde ha gjort, dei står der, i synsfeltet mitt, og veivar med armane, men det er så mykje bråk, eg klarar ikkje høyre kva dei seier. Haugen av ting som har vore, er ein komposthaug. Den veks, heile tida, nytt lauv på toppen, men samtidig krympar den, sakte sakte, innanfrå, ting som smuldrar og blir til jord.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Asketreet i hagen, det største treet i nabolaget. Eg står på altanen og ser på asketreet, med resten av huset i ryggen. Eg ser på asketreet gjennom heile året, veit korleis det ser ut vinter, vår, sommar og haust. Kanskje strekker rotene seg heilt til under Kiwi, som ligg like borti gata. Eg er på Kiwi vinter, vår, sommar og haust. Eg har ein jobb, kontoret ligg i enden av ein lang oppoverbakke, og der går eg, morgon og kveld.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viss du blir gammal og vil starte ein samtale er det berre å gå på biblioteket og spørje: Er dette dagens?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Austlandsmannen kan gjere alt vestlandskvinna gjer.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alle drøymer om eit årshjul, draumen dukkar opp iblant: Det var no vi skulle hatt årshjulet. Av og til med ein viss fortviling nesten: NO! Akkurat no hadde det vore jævlig greitt å ha det årshjulet. Men skal det vere eit hjul, eller skal det vere ein strek, spør Tore. Ei linje? seier Liv. Ja, ein strek, seier Tore. Ein årsstrek. Ein sukk frå dei andre, men Lars synest faktisk ikkje det er ein så dum idé med ei linje, ein strek, seier Tore, han kosar seg med det, å stikke kjeppar i hjula for årshjulet på denne måten, det er det lett å forstå, på måten han seier det på, men kor skulle vi fått plass til den, spør Lars, kanskje på veggen i gangen, seier Liv, og så er møtet over.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg prøver ikkje å spare, men pengane hopar seg opp. --- Du har berre eit naturleg lågt forbruk, seier Peter. Han seier det som om han er legen min.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GTuridmajaHelen SkogIrakkHarald AndersenAnne-Stine Ruud HusevåggretemorKirsten LundHeidi HoltanVannflaskeHarald KJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlagingStig TJulie StensethBookiacFrode Øglænd  MalminTheaSilje HvalstadsiljehusmorVibekeTom-Erik FallaLars MæhlumTor Arne MyklebustWenche VargasCarine OlsrødReadninggirl30Margrethe  HaugenJoannHilde VrangsagenIngunn SINA TORNESsomniferumAnneWangDemeterIreneleserLisbeth Marie UvaagDaffy Englund