Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 15 sitater

Historiene om menneska, dei gode og dei dårlege, kveilar seg i kvarandre, knyter seg saman, bryt seg laus på nytt, forsvinn i halvmørkret, for så å bryte opp ein annan stad, der det ikkje lenger bur menneske som veit kven dei ein gong var.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Marta Kristine skunda seg til stabburet og fann jenta på ein lem med ein striesekk fylt med høy under hovudet. Da sprang ho inn i kårhuset, vrengte av seg brurekjolen og tok på seg ein gammal stakk og ei skjorte. Fødselen var i full gang da ho kom ut igjen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg hadde det for travelt, tenkte ho, og barna mine var for mange, eg kunne ikkje ta dei alle på fanget. Det var så mykje anna eg skulle utrette. Det var som om livet mitt var ein kort sommardag. Dei sprang ut for å leike seg, og eg ropte etter dei, men så vart eg opptatt av andre gjeremål og sansa meg ikkje for kvelden var komen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

..., men dei lyse årstidene vart for korte for alle langstrekte draumar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Slik gjekk den eine dagen etter den andre, og den eine månaden etter den andre, årstidene skifte og tida, tida rann bort som sand mellom fingrane på dei.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ved å gjera som dei mange andre ho aldri hadde møtt, vart ho ei av dei.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er ikkje noko som varer evig, sa han da. - Alt skifter. Livet er kort og skjørt, men dei stundene vi har i lag, skal vi akte på, for dei er det dyraste vi eig

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei gode gamle dagane var forbi, og godt var det, så kunne dei nye gode dagane koma.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kor kort er ikke livet, som eit glimt, berre eit glimt av lys ein sommardag som går mot kvelden før ein veit ordet av det.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kanskje tankte ho at ho hadde lært det: Livets reknestykke går aldri heilt opp. Den som bøyer av for motstand, svik sitt kall. Men den som skal vinne må også vera audmjuk. Å vise styrke tar eit år. Å bli audmjuk tar eit liv. Å sigre tar eit liv.Når sigeren er vunnen, er livet forbi. Men det at ein sigra, var det ikkje det som var livet?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas BoklesersveinJeanetteAre SkårIreneleserTonesiljehusmorTherese SteinskogLinda NyrudLailalillianerHilde Merete GjessingSynnøve H HoelKirsten LundIngeborgMarit HåverstadLesevimsaMarianne  SkageBjørg Marit TinholtNorahEllen Lindheim SlettevoldOdd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettietteSigrid Blytt TøsdalHarald KDemeterIngvild S