Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Så lenge min far finst, finst Gud. Det er vanskelegast å gi slepp på det ein ikkje trur på, slår det meg, for då slepper eg taket i noko som har vore alt for dei eg er glad i. Som om eg tar farvel for alltid. Er det det ein må?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du hadde blitt med meg om eg hadde spurt. Men eg spurde ikkje. Ville det likevel. Vil at ting skal skje utan at eg spør, vil at noko skal opne seg og berre bli til utan at eg set det i scene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er ikkje så lett å snakke fint om dei mindre gode, dei ufølsame eller valdelege, men far min forsvarte alltid den døde mot ein taus, og ikkje alltid så taus, domstol.

Det var som om han ville kle den døde inn i eit slags forsonande lys. Det er ikkje opp til oss å dømme. Om ein mann som elles fekk få godord, las eg: «Vi skal hugse på at han sjølv hadde vakse opp med harde ord.» Han skulda på alkoholen som ei farleg kraft, men sa at det på innsida fanst eit kjenslevart hjarte, noko finsleg og reint. Han kunne snakke varsamt om den typen sår som folk ber i einsemd, og som gier dei vanskelege å komme inn på.

Dette at vi fanst i ein samanheng av meining, verka oppkvikkande på forsamlinga. Kvar og ein står vi i ein samanheng av meining, gjentok han i tale etter tale.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alt eg tar på, har ho tatt på.
[...] No når ho er borte, bur ho liksom inne i alle små ting.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjølvsagt var eg ikkje fri. Har aldri vore fri. Og eg forstod at eg aldri kan binde meg til noko som helst fordi eg alt er bunden.
– Slapp av, sa du berre. Og då måtte eg gråte.
– Eg forstår, kviskra du inn i øyret mitt.
Men kva, kva var det du forstod?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho ligg under lokket no. Det spelar inga rolle korleis eg såg ut. Som om ho treng eit minne av meg no. Alt ho har sett meg som, er borte. Det moderblikket finst ikkje. Eg finst ikkje lenger som barn av mor mi.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

At snøen ikkje kjem, betyr ikkje at vinteren er lett.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Når noko blir borte for ein, leitar ein etter noko anna. Etter religionen kjem litteraturen, las eg då eg studerte. Eg likte tanken på at noko kan erstattast, trudde på det også. Litteraturen skulle vere arvtakaren, ofringa var ein roman, eit blodig illustrert eventyr. Når eg ser mor mi no, trur eg ikkje noko kan erstattast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg måtte følgje ein gammal mann ut i sakristiet i dag, han følte seg dårleg, så dei andre var redde han skulle falle om. Eg gav han litt vatn, fekk han til å sette seg i ein god stol. Så var det ei sliten mor der bak som ikkje fekk babyen til å roe seg. Eg tok barnet i armane og bar det med meg inn igjen. Ei dame kom til meg å sa: Du gjekk ut med ein gammal mann og kom tilbake med eit nyfødd barn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gud var stor og varm og lys, men med eitt kunne han endre seg og bli ein kald stein på kyrkjegarden. Det var den grufulle løyndommen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hanne MidtsundAnne-Stine Ruud HusevågTonesen81Kirsten LundDemeterHeidi HoltanAnn ChristinTralteBjørn SturødReadninggirl30Anniken RøilLars MæhlumbeaverkriekVannflaskeHilde H HelsethNeraPer Åge SerigstadLinnIngeborg GKjerstiKjersti SIngvild SKarin BergLisbeth Marie UvaagKaramasov11Bjørg RistvedtGro-Anita RoenEileen BørresenLisbeth Kingsrud KvistenCarine OlsrødNorahHilde VrangsagenLise MuntheKarin  JensenKristin_HanneReidun Anette AugustinRoger MartinsenTove Obrestad Wøiensomniferum