Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Du skal ikkje lyge, heitte det i gamle dagar. [...] Men lygna er ikkje alle tider så lett å få auge på. Ikkje eingong inne i oss sjølve. For det finst ørsmå lygner i alle sanningar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men far gav oss andri kyss eller klemmar, slik mor gjorde. Far gav oss berre omfamningar. Då sa han aldri eit ord. Far brukte hendene. Aldri kinn eller munn. Men vi forstod kva han meinte. Å halda rundt nokon er også bokstavar i eit språk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ah, sanneleg gjorde det godt å få jula ut gjennom dørene! Ho ber på for mange minne. Endeleg er ho over. [...] All glitter. All stas. Alle bjøller og lysestakar. No er her inga høgtid som kastar skuggar i stova lenger.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Til neste jul bestilte eg meg Bachs oratorium. Då eg bretta ut det store notearket og sette fingrane på tangentane, undra eg meg på om det verkeleg fanst noko stillare enn den siste augneblinken rett før musikken begynner ---.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nokon seier at ein kan misse språket av ulukker. Andre hevdar at visse lydar kan gjere ein stum. For farfar stemde begge delar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tida går og tankane fer så vide. Dagen eller natta. Natta eller dagen. Korleis kan vi skilje godt frå vondt. Det vakre frå det frastøytande. Korleis kan vi forklare det. Minnet om eit dødt barn er den vakreste diamanten. Men ingen vil eige han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienLailaHeidi HoltanAnitaINA TORNESJohn LarsenCaroline Ekornes JohannessenBerit B LieTralteHege LMorten BolstadAkima MontgomeryLinnPrunellaVigdis VoldRandiASissel ElisabethDemeterRonnyInger-LiseFrode TangenAnneWangHeidi LTone Maria JonassensvarteperAnneLars MæhlumHilde H HelsethGrete AmundsenHarald AndersenEllen E. MartolPiippokattaHanne MidtsundAnne-Stine Ruud HusevågTonesen81Kirsten LundAnn ChristinBjørn SturødReadninggirl30Anniken Røil