Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Frosken

Frosken
er kommen fram
og opnar sitt gap
for å syngje
til stråets pris
som er så fagert
grønt og ufatteleg
og rører himlen ---

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fugl

Fugl flyg inn
i ny bleik morgen
vengjene slær
svinte lydlause slag
-på flukt
frå ein som har byrja
rørt på seg
i sitt nattlæger

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Smilet ditt

Smilet ditt
henta eg
frå stjernune
rørslene dine
frå vinden
i graset

ein dag
kjende eg
tung mold
vega i hendene

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg er stilla og kongen i skogen

Barnet
som slegen av redsle
rømde attende
dei fyrste stega
inn i det vesle skogsnar
-og spurde
kven kongen i skogen var
-så stor ein konge

Barnet
som våga seg
lenger og lenger inn
stiltrand seg på tå
fekk brått ein dag
den kongen sjå
stige høg og breiherd fram
i vindpusten
og høyrde han tale:

-Eg er stilla
og kongen i skogen
eg bur attom dei store tre
oppunde berget grå
i skuggan tett attmed
mellom stein og strå

eg bur i hjarte ditt
og er i tankan dine
eg tala til deg titt
då du låg sjuk unde sengelinet

Barn
eg er stilla
og kongen i skogen
gøym deg her
og kvil eit lite bil

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tre kort-dikt

Sletta blir farga
av ei raud morgonsol

i kanten
stend oksane
med tunge bringur

Død
som ei kjærleg mor
hev du bore meg
eit barn
på trygge hender
mot viddene i stjerneljoset

Du som lærde meg
plukke blomar
på engene
no skal eg ut
og rydje urskog

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude JensenEgil StangelandFrode TangenHarald KRottulfNeraIngunn SHeidiJarmo LarsenMalinn HjortlandBenteKirsten LundBerit RDemeterKnut HauglandKristina Jernstrøm LyseboIreneleserCecilieMads Leonard HolvikBjørg Marit TinholtAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda RastenTheaTom-Erik FallaHanne Kvernmo RyeNina M. Haugan FinnsonWencheToneChristoffer SmedaasHilde H HelsethRune