Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

Monologen rann stadig like ufiltrert og sjølvsikkert ut av han, han var i full gang med på urimeleg vis å trekke parallellar heilt tilbake til antikken i høve til sine flunkande nye sanningar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

...det einaste eg fann ut oppi det vesle kvite seglflyet, var at eg hadde ei sterk mistru til luft, og at eg hadde ein like sterk kjærleik til det konkrete.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gledene mine er bare forbigåande smitte frå andre, og dette må vel truleg vere årsaka til at eg ikkje kan danse, tenker eg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Denne sorga kjem frå meg, det er ei ekte kraft og ikkje eit kortvarig lån frå strålekransen til nokon andre. Gledene mine er bare forbigåande smitte frå andre (....)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein karismatisk person med den sjeldne evna til å gripe inn i livet til reserverte personar fekk meg ein gong til å oppsøkje eit dansekurs.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som regel hadde eg tungt for å legge merke til planter og blomar og hadde alltid beundra dei som alltid greidde å rette fokuset mot dette trege, men overalt nærverandre livet...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når ho flyttar seg rundt i rommet med det store håret sitt, ser det kaotisk ut, det er som om ho er bygd opp på ein litt laus måte, om du skjønar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han var ein av desse med definisjonsmakt, som kunne skjere gjennom og bestemme kursen problemstillingane skulle ha, til dømes med eit fyndord. Og eg tok imot fyndora som om dei var verdifulle smykkesteinar, eller vegskilt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei følgje av å ha levd i Noreg i over førti år var at eg sørgjeleg hyppig var blitt trengd inn i eit hjørne der eg måtte drive og svare på spørsmålet Kven er du? Etter årevis med dårlege og famlande svar, og med sveittetokter og irritasjon over dette konstant tilbakevendande spørsmålet (det var alltid andre som pressa dette spørsmålet på meg- det var ikkje noka form for essensialistisk vilje til sjølvransaking), hadde eg byrja å ro meg i land med den ærlege opplysninga om at Eg er ein person som heile livet har hengt fast i fikse idear. Det er min essens hadde eg bestemt meg for. Når tautologien Eg er bare meg sjøl eller Eg prøver bare så godt eg kan å vere meg sjølv rann uhindra ut av munnane på folk rundt meg, knepte eg att min eigen munn, knurra lågt og tenkte: Spør dei meg no om kven eg er, så har eg heldigvis eit ganske klart og ærleg svar på lager. Eg er ein person som heng fast i fikse idear.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marianne AugustaAnn ChristinSynnøve H HoelIngvild SStine AskeKirsten LundEli HagelundGrete AastorpTheaKristofferDaffy EnglundlittymseGro-Anita RoenTine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30Demeter