Ei magisk bok er Kafka på stranden av Haruki Murakami, om 15 årige Kafka Tamura som rømer heimafrå på jakt etter mor og søster, og får skjul på eit lite bibliotek der han blir kjend med nokre spesielle personar. Noko dramatisk har skjedd som gjer at Kafka òg rømer frå politiet... Samstundes føl vi den eldre Nakata som òg flyktar frå politiet og som har fått evna til å snakke med kattar etter ei uforklarleg ulukke som barn. Etterkvart anar vi ein samanheng mellom desse to personane...
Eg kunne tenkje meg ei lidenskapeleg historie!
"Alt snakket om Red Bull gjorde meg usigeleg tørst."
Eg er på Ekeberg i siste halvdel av 1800-talet og føl livet til Ragnhild Jølsen (skildra av Jens Bjørneboe).
Sprek islandsk krim. Manglar litt på spenninga og språkleg finesse til å vere heilt der oppe, men islandske omgjevnader og ein anelse spøkelsesaktig stemning gjer dette til original krim.
Har eit tips: Olaug Nilssen / Få meg på for faen. Eller den siste boka hennar som er ein biografi om artisten Sigvart Dagsland. Nilssen er ungdommeleg, frisk og er ein av dei mest leikne, norske forfattarane vi har i dag.