Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Katastrofer rammar – hardt..

Nokre bøker er meir krevande enn andre......
Flommen vert av ein anmeldar karkaterisert som eit eksistensielt drama. Og dramatisk er det, på fleire plan.

Vi er i Melhus under ein periode med stor snøsmelting. Den vesle bygda vert hardt råka av flaum, og nokre misser husa sine. Mellom dei som må evakuere er småbrukaren Robert Gjørstad, ein mann som er på kant med det meste. Parallellt føgjer vi Stein Ove Sand, politimann og den andre «eg-personen» i boka. Det er gjennom desse to vi får fortalt det som hender.

Katastrofen rammar bygda, og den rammar hardt. Og – like mykje som at naturen bryt ned det trygge, det beståande, så vert vi vitne til at mykje gammalt nag, hat og mistru bryt ned personar som skulle stå kvarandre nær. Det er lite som vert halde skjult for lesaren – og mykje av det vi får servert er vondt å ta innover seg, nesten fysisk vondt gjorde det å lese. Ser at Jonny Halberg vert karakterisert som ein frontfigur innanfor «skitten realisme», og det trur eg på....

Eg opplevde boka som utfordrande av fleire grunnar:
Det var til tider ikkje heilt lett å følgje med på kven som sa og gjorde kva og kvifor.....måtte konsentrere meg for å få med meg kven dei ulike personane var.
Det røffe, usminka språket var vondt å lese....

Halberg brukar språket til å karakterisere personane sine – Robert sine kapittel er skrivne i radikalt bokmål, som for å poengtere at han er ein noko rå og brutal fyr. Snedig!

Eg kjende ubehag ved lesing av boka, på same tid som eg følte medkjensle med dei som vart så hardt ramma.
Om denne stilen er gjennomgåande hos Halberg, trur eg at han skal få vere i fred for meg heretter.
Kar? Kanskje 4 minus....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stig TSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81