Viser 1 til 4 av 4 omtaler

Dette er uten tvilen av de beste bøkene jeg har lest så langt. Terningkast 6++

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Betty Mahmoody fortel om opplevingane sine når ho blir med mannen sin på ferie til Iran. Mannen Moody er lege i USA, og dei har eit økonomisk sutlaust liv i den øvre middelklassa. Men når dei kjem til Iran opplever Betty at mannen endrar seg, han tek opp dei iranske forventningane til korleis kjønnsrollene skal vere, og det blir etter kvart klart at han ikkje har tenkt å vende attende til USA men snarare slå seg til i Iran for godt. Betty har ikkje tenkt å bli, ho vil reise heim. Det er berre eit problem, dattera deira Mahtob er også med, og etter lokal lov er ho mannen sin eigedom, og kan ikkje reise ut av landet utan at faren godkjenner det. Det vil han sjølvsagt aldri gjere.

Boka åpnar med eit skikkeleg kulturkræsj. Betty verkar totalt uførebudd på at livet andre stadar på jorda kan arte seg annleis enn i USA. Ho raljerer over dårleg hygiene og over dei sosiale kodene som ho ikkje forstår. Etter som tida gjeng maktar ho på eit vis å tilpasse seg, i alle fall i det ytre. Men alt handlar om å overleve til det byr seg eit høve til å forlate landet.

Då eg starta på boka trudde eg at ein større del av den skulle handle om sjølve flukta, men denne var overraskande kortfatta skildra. Det meste handlar om å leve med ein valdeleg ektemann i eit undertrykkande samfunn. Så kan ein lure på om boka bør lesast som eit partsinnlegg i ein bitter ekteskapsfeide. Det kan godt hende, men uansett kor mykje ein eventuelt justerer for dette så kjem ein ikkje unna at mannssjåvinisme og religiøs fanatisme er dårlege føresetnadar for å lage eit rettvist samfunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gripende, lest flere ganger

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sysns boken var kjempe spenande, men ikkje akurat får alderen min (eg er 12).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelReadninggirl30Stig TAnn ChristinG LMarit HåverstadLeseaaseandreas h. o.RandiAEvaAvaLesevimsaGunn Kari  PlathePiippokattaDaffy EnglundReidun SvensliLene AndresenGrete AastorpAnne Berit GrønbechStåle LiåsenIngvild SHilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteanniken sandvikHarald KKaramasov11Kserina