Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Artig kuriositet, og berre det.

Femavsnittsomtale:
Eg kom over denne rariteten ved ei tilfeldigheit; eit opptrykk av ei turist-handbok for den brasilianske delstaten Alagoas frå 1937. Denne delstaten er no mellom dei mest populære reisemåla for innanlandsturisme, men i 1937 fantest det så godt som ingenting av den slags. Ideen om å gi ut ei turist-handbok på dette tidspunktet framstår derfor som visjonært. (Eg vil tru at nordmenn flest assosierer namnet «Vade-mecuum» med munnskylle-middelet Vademecum, men i Brasil nyttast namnet om enkelte typer handbøker)

Boka, ei tynn flis, er delt inn i fire delar: Fakta om delstaten Alagoas, Pittoreske stadar, Samandrag av Alagoas sin historie, og Historiske stadar. Fakta- og historie-bitane er dei dominerande, og når ein les oppramsinga av pittoreske og historiske stadar det er slåande kor lite interessante ting delstaten hadde å by på for turistar utover storslått natur og … vel, storslått natur. Paulo Afonso-fossen i São Fransisco-elva er vel omtrent det einaste av interesse som blir nevnt i boka. Øvrige pittoreske stadar er avgrensa til raritetar som ei kokospalme med fire kroner, ei grotte der det har bodd ein røvar, ein stein som liknar på ein gris og eit fjell der det er fin utsikt både morgon og kveld.

I ei turist-handbok burde ein kanskje også vente å finne informasjon om overnattingsstadar, transportmiddel, spisestadar, tilgang til telefon eller telegraf, lokal skikk og bruk og tilsvarande informasjon som kan vere til nytte for den reisande. Men dette er totalt fåverande i boka. Eg stiller meg derfor undrande til kva nytteverdi boka kan ha hatt for eventuelle turistar i 1937.

Fofattaren hadde gangsyn nok til å omtale verket sitt som «eit lite knippe artiklar i en pamflett». Gangsynet sviktar derimot radikalt i to forord og eit etterord til nyopptrykket av boka, skrivne av særs prominente personar i delstaten. og især i forordet frå førstesekretæren i delstatsregjeringa. Makan til lovprising av ei forholdsvis middelmådig oppramsing av fakta og raritetar skal ein leite lenge etter.

Likevel var det på ingen måte bortkasta å lese igjennom boka/pamfletten. Det er jo artig å få eit innsyn i tilstanden til delstaten anno 1937 (eller 1936, då teksta var skriven), og det historiske oversynet var på mange måtar lærerikt. Og det var stor morskap, sjølv om det var utilsikta av forfattaren, i å lese oppramsinga av pittoreske stadar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

DemeterEgil StangelandKirsten LundHarald KAnette Christin MjøsLailaPiippokattaRufsetufsaLena Risvik PaulsenIngunn SChristoffer SmedaasLesevimsaToveBookiacTor Arne DahlAnne Berit GrønbechMorten MüllerAkima MontgomerygretemorSynnøve H HoelAnn ChristinHildaVibekeBeate KristinVioleta JakobsenAmanda AChristofer GabrielsenAnneWangMarit HåverstadTherese LierNina J.B.Karamasov11Readninggirl30SolveigPerSpelemannThomas Heie H.Tore OlsenLilleviMartine GulbrandsenTor-Arne Jensen