Viser 1 til 1 av 1 omtaler

«Diálogos Impossíveis» tyder «umoglege samtalar» på norsk, og mange av stykka i denne boka inneheld samtalar som på ein eller annan måte er umoglege. Veríssimo har ein livleg fantasi og god humoristisk sans, og stiller opp «tablå» der han tenker seg så vel historiske personar som oppdikta figurar som har underfundige ordvekslingar. Boka åpnar med ein samtale på gamleheimen mellom Batman og Dracula, der Dracula peiker på at dei trass alt er ganske like sidan dei begge er menneske-flaggermus, og rundast av med ein telefonsamtale mellom Einstein og den første kona hans, fysikaren Mileva Marić, der det kjem fram at Mileva var den eigentlege forfattaren av dei mest kjende publikasjonane hans.

Ikkje alle stykka er ordvekslingar. Enkelte har meir form av kronikkar, der forfattaren reflekterer over personlegheiter eller hendingar innan kunst, litteratur og musikk. Andre igjen har meir form av noveller. I alt er der 45 små stykker i denne boka, med eit vidt spenn i persongalleri og tema. Men felles for dei alle er ein humoristisk snert, og eit visst alvor bakom. Underhaldande og grei lesnad.

Forfattaren Luis Fernando Verissimo har hatt ei omfangsrik karriere som spaltist, forfattar, oversetjar, teikneserieskapar og musikar. Han er mellom dei mest leste av samtida sine forfattarar i Brasil. Stykka i denne boka, som kom i 2012, har vært publisert enkeltvis i avisene Zero Hora og Estado de São Paulo i åra 2009 - 2011. Boka gav meirsmak, eg kjem nok til å plukke opp fleire av bøkene hans i framtida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadPiippokattaAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund Ådnøy