Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Tett familiedrama med overraskande slutt.

Lengre omtale:
Denne romanen dreier seg i hovudsak om forholdet mellom Murilo Filho og sonen hans Neto. Murilo flytta til Rio frå landsbygda, og jobba seg fram frå ingenting til ein dyktig sportsskribent i dagspressa. Glanstida hans var om lag på same tid som militærdiktaturet i Brasil, frå 1964 til 1985, og han var ein signifikant person i kultureliten i landet på den tida. Sonen Neto opplevde at mora, som nyleg hadde skilt seg frå faren, tok livet sitt då han var 5 år gamal. Faren tok hand om Neto etter dette, men dei fekk aldri noko godt forhold under oppveksten hans og dei braut kontakta eit stykke ut på 1980-talet.

No er Murilo ein gamal og døyande mann, og han tek kontakt med Neto for at dei skal vere saman på søndagane dei siste månadane av livet hans. Murilo fortel om livet sitt, og veldig mykje om fotball, og fortel også historia om den myteomspunne fotballspelaren Peralvo, frå same landsby som Murilo, og som låg an til å bli enno betre enn Pelé, men som enda karriera si på ein tragisk og merksnodig måte.

Neto, på sin side, slit med å finne sin plass i livet. Han greidde aldri å leve opp til faren sine standardar. Middelaldrende, utan familie, og stadig på jakt etter ekspeditriser og servitriser han kan sjekke opp, er interessen for populærkulturen frå 1970- og 1980-talet det einaste ankerfestet i livet hans.

Historia er godt fortalt, den er spekka med referanser til fotball, litteratur og populærkultur (langt frå berre brasliiansk), der er solide doser med humor som for meg framstår som ganske intelligent, og slutten er mildt sagt overraskande. Lesaren blir rett og slett finta ut, noko ein egentlig burde vente seg ut frå tittelen. Og når ein sit der utfinta med rompa planta i grasmatta og ser Rodrigues setje ballen i mål på dei siste sidene er det berre å applaudere over prestasjonen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumKirsten LundStig TCamillaHarald KPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun SvensliInge KnoffGrete AastorpnefertitiHanne Kvernmo RyeToveStine Sevilhaug