Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Tittelen tyder «Dødsfallet og dødsfallet til Quincas Vassbrøl», og er ei lita perle av ei historie frå Jorge Amado, ein av Brasil sine mest kjende og elska forfattarar.

Joaquim Soares da Cunha er ein respektabel offentleg funksjonær frå Salvador som som godt vaksen stikk av frå ei streng og dominerande kone og ei ellers usympatisk familie for å leve fri og frank som vagabond og ranglefant på byen sin skuggeside. Etter 10 år på fylla blir han funnen død ein morgon. Familien prøver å finne ut av korleis dei kan ordne ein begravelse utan å skjemme ut familien sitt gode namn og rykte, og dei ordnar eit diskret likvake på den lugubre adressa der han blei funnen.

Joaquim var kjend som «Quincas Vassbrøl» i Salvador sine lavare sosiale lag, og var særs godt likt av svirebrørne sine. Fire av dei beste kompisane oppsøker likvaket, og utan å gå i detaljar kan ein vel seie at likvaket vart alt anna enn ei sørgestund. Makan til historie skal ein leite lenge etter.

Ein kan lure litt på om Amado har lest Dagdrivergjengen eller Cannery Row av John Steinbeck. Historiene er heilt ulike, men typene som opptrer i dei har mykje til felles. Også forteljarstilen har mange likheitstrekk, først og fremst den fordomsfrie og samstundes lettbeinte skildringa av menneske på skuggesida av livet. Men Amado trekker i tillegg inn element av Afro-Brasiliansk kultur, noko som gir forteljingane hans ein ekstra mystikk.

Denne boka er ikkje Amado sin mest kjende, men er likevel omsatt til ein rekke språk og gitt ut i mellom anna USA, Kina, Frankrike, Israel, Portugal, Hellas, Finland, Litauen og Libanon. Det er også laga TV- og kinofilm av historia.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechHarald KMorten MüllerAkima MontgomerygretemorSynnøve H HoelToveAnn ChristinHildaVibekeBeate KristinVioleta JakobsenAmanda AChristofer GabrielsenIngunn SAnneWangPiippokattaMarit HåverstadTherese LierNina J.B.Karamasov11Readninggirl30SolveigPerSpelemannThomas Heie H.Tore OlsenLilleviMartine GulbrandsenTor-Arne JensenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKjell F TislevollHilde H HelsethEivind  VaksvikMads Leonard HolvikMonica  SkybakmoenStig TmgeAnne-Stine Ruud HusevågLaila