Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Brudulje(r) i Bergen

KleenDeal - En røverhistorie

"Inneholder: Råtten frukt, svarte penger og slett moral"

Ser ikkje heilt bort frå at kjennskap til Bergen og bergenserar er eit pluss ved lesing av denne boka. Mi mormor var halvt bergenser, så det kan ha vore medverkande til at eg har storkosa meg med boka som er eit oppkome av det reinaste TØV! I tillegg har eg litt over middels kjennskap til meir eller mindre avdanka rockemusikarar, og er interessert i miljøvern - det hjelper også til!

Persongalleriet er fullspekka med fullmodne karikaturar, for å bruke litt av fruktterminologien i boka. På vaskeseddelen bake på boka kan vi ma lese fylgjande:

Møt Kåre Iversen og Kokken Tor - den ene fruktgrossist og den andre kommunalt ansatt kokk - i en hverdag preget av lysskye forretninger og penger under bordet. Konkurransen i bransjen er hard, og de pønsker ut en plan som involverer falske økologiske matvarer for å holde seg flytende. Plutselig har de både politiet, pressen og selveste landbruks-og matministeren i hælene, .....

Det er mulig at ein treng ein god porsjon humoristisk sans, og at ein har evna til å "høyre" ein bergenser "lese" medan ein les, for at boka skal gi ei morsom stund? Eg har iallfall mora meg kostelig over alt sludder og vås, så eg trur eg står inne for terningkast fem

Og om du skulle våge deg på, så seier eg som forfattaren: God fornøyelse!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågLinda RastenHarald KToveThomas Røst StenerudAlice NordliLene AndresenTorTone HEirin EftevandGro-Anita RoenTove Obrestad WøienStein KippersundLars MæhlumHeidi HoltanWenche VargasSolVivaLaLivreReadninggirl30Sigrid NygaardgretemorKristine LouiseLisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander Styveelme