Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Eg har lese fleire diktsamlingar av Linda Klakken tidlegare, og eg har likt det eg har lese. Eg liker korte, velskrivne dikt som gjev mykje meining på liten plass. Skriv ferdig boka om livet ditt er noko heilt anna. Ikkje fordi det på noko vis er dårlegare; det er bare annleis. I staden for dei små, korte, er heile denne vesle boka eitt einaste langt dikt. Eit sterkt, sårt, intenst og viktig eitt. Det er fullstendig utan punktum, utan at det gjer teksten vanskeleg å lese.

Diktet er historia om Adam og familien og vennene hans, frå Oslo aust, som lever liv vi eigentleg ikkje ønsker å høyre om, fordi vi liker å tru at det ikkje finst barn og ungdom som har det slik i Noreg. Desto viktigare er det at vi høyrer, at vi les. Takk, Linda Klakken, for at du har skrive denne!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utrolig velskrevet, lettlest og vond bok. Minner om Yahya Hassan. Denne gleder jeg meg til å anbefale til elevene på jobb.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGrete AastorpGladleserDaffy EnglundReadninggirl30MarianneNAvasomniferumBjørn SturødHanne Kvernmo RyeAnne Berit GrønbechHilde Merete GjessingWenche VargasJarmo LarsenKaramasov11MaikenFlyvebladTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude JensenEgil StangelandFrode TangenHarald KRottulfNeraIngunn S