Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Zé dos sonhos, eller Drøyme-Zé som boka kanskje ville ha heitt på norsk, er ei forteljing om ein omreisande kramkar frå delstaten Alagoas i Brasil. Årstalet for forteljinga er ikkje nevnt, men ut frå skildringane må ein tru at det er seint 1800-tal eller tidleg 1900-tal. Den unge (25) og godhjarta Zé er i starten av karriera si, og driv handel mest rundt nærområdet til heimbyen sin, Palmeira dos Índios, i nordenden av delstaten. Men då ein eldre ven av han ber om hjelp til å finne dattera si, bestemmer han seg for å legge ut på ei lengre handelsreise, heilt til Penedo som ligg i sørenden av delstaten, for å kunne lokalisere jenta.

Alagoas er den nest minste delstaten i Brasil, om lag på storleik med Hedmark fylke. Reisa tur retur med hest, muldyr og esel, og som stort sett gjeng føre seg i det karrige innlandet, tek likevel 5 månadar. Som kramkar kjem han i kontakt med mange menneske undervegs, enkelte av desse har problem eller ynskje som dei ber Zé om å hjelpe seg med. Og Zé er ein samvitsfull fyr som gjer sitt beste for å hjelpe alle han møter, og det lagar seg slik at dei gode gjerningane til Zé løner seg og han får sjølv hjelp til å kome seg ut av kniper når det ein sjelden gang skjer. Ein lyt også nemne at Zé har ein tendens til å forelske seg i ei jente i kvar ny by han kjem til. Han kan vel neppe lastast for det når ein veit kor mange flotte jenter det finnest der.

Sjølve historia er for skjematisk og forutsigbar til at den fenger i særleg grad. Det som likevel gjer boka verdt å lese er at forfattaren Dacal har gode kunnskapar om lokal historie og skikk og bruk i eldre tider. Folklore, kokekunst, naturmedisin, overtru og andre trekk ved den lokale historia er skildra på ein levande og overtydande måte. For ein som interesserer seg for Nordaust-Brasil er derfor denne boka ei verdfull kjelde til innsikt. Boka er også ganske lettlest.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMads Leonard HolvikRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergHarald KBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun Svensli