Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Pensão Riso da Noite (Pensjonat Latter i Natta) er ein bordell i småbyen Caruaru i delstaten Pernambuco i nordaust-Brasil. Byen er verkeleg nok, men eg gjeng ut frå at bordellen er oppdikta. Forfattaren José Condé var fødd og oppvaksen i denne byen, og har henta inspirasjon til fleire av bøkene sine herifrå.

Pensão Riso da Noite kom ut i 1966, men handlinga er lagt til 1927. Eller handlingane. Boka har nemleg karakter av ei samling noveller, og med ulike hovudpersonar i alle novellene. Enkelte hovudpersonar treff ein berre i ei novelle, andre får bi- eller statistroller i andre av novellene. Det er eit fargerikt og interessant persongaleri som blir skildra i boka, og dei enkelte historiene kan svinge frå farse til tristesse. Bordellen har ei perifer rolle i historiene, med unntak av dei to siste der den er sentral.

Den første, og lengste, historia handlar om trigamisten Quequé, ein handlesreisende som har gifta seg med tre svært ulike damer i tre delstatar. Denne historia har gitt opphav til TV-miniserien "Rabo de Saia" ("Skjørtejeger" kan vere ei teneleg norsk overstjing, sjølv om det ikkje er heilt rett), som gjorde stor suksess i Brasil i 1984.

Av andre historier kan ein nemne den brutale og smådumme lensmannen som ynskjer han kunne vere prest, den gamle enka som før fram ein geitekilling som blir alkoholikar (geita, altså), gammeljomfrua som er så desperat etter mannfolk at den fromme søstera hennar henter presten slik at ho kan få hjelp (og det får ho), og om den natta då horene gjeng til streik.

Alt i alt ei mangefasettert bok, som kallar både på smilet, gapskratten og ettertanken.

Boka finnest også i tysk oversetjing (1968).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteHarald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TKirsten LundNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiHeidi HoltanMorten JensenVibekeAud Merete RambølRoger MartinsenAmanda AHanne Kvernmo RyeSynnøve H HoelEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågtuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaLeseberta_23