Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Denne novellesamlinga er den tredje boka eg har lest av Machado de Assis, reikna som Brasil sin mest anerkjende forfattar gjennom tidene. Dei to førre var romanar, men eg må seie eg likar Assis betre som novellist enn som romanforfattar. For dette er etter min forstand noveller av høg klasse.

Totalt er det 16 historier som har fått plass i denne samlinga. Nær alle åpnar in medias res, persongalleriet i kvar historie er avgrensa til eit fåtal personar, handlinga er komprimert, og avslutningane er underfundige og tankevekkande. Eg er på ingen måte nokon kjennar av noveller, men slik eg oppfattar sjangeren så er min påstand at Assis meistrar den til fulle.

Dei fleste novellene handlar om kjærleik, eller heller om voner og vonbrot i kjærleiken. I over halvparten av dei er det eit trekantdrama av ein eller annan sort, noko som verkar å vere eit favorittema for Assis. Skal eg halde fram nokon av historiene eg likte ekstra godt er det kanskje den første og den siste. Den første, A cartomante (spådama), der ein elskar gjeng til ei spådame for å få råd og rådet ender i tragedie og lesaren blir sitjande å undre seg over om det var kalkulert frå spådama sin side, og den siste O Cônego ou Metafísica do Estilo (Kanniken eller stilen sin metafysikk) der forfattaren fabulerer over korleis språket formast i mennesket sin hjerne.

Eg har enno ei ulest bok av Assis i bokhylla, romanen Qincas Borbas. Skulle eg finne på å kjøpe fleire bøker av denne forfattaren blir det definitivt novellesamlinger, some det finnest 6 til av. Og så kortromanen O alienista, då.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KMorten MüllerAkima MontgomerygretemorSynnøve H HoelToveAnn ChristinHildaVibekeBeate KristinVioleta JakobsenAmanda AChristofer GabrielsenIngunn SAnneWangPiippokattaMarit HåverstadTherese LierNina J.B.Karamasov11Readninggirl30SolveigPerSpelemannThomas Heie H.Tore OlsenLilleviMartine GulbrandsenTor-Arne JensenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKjell F TislevollHilde H HelsethEivind  VaksvikMads Leonard HolvikMonica  SkybakmoenStig TmgeAnne-Stine Ruud HusevågLailaKaren Ramsvik