Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Etter å tilfeldigvis ha kome over novellesamlinga "Offa" frå 2008 tidlegare i år har eg gått og trippa og venta på denne romanen som kom i haust. Og den friske, vittige forteljarstilen frå novellesamlinga er til å kjenne att i "Sommar i Thereses Gate". Det er berre eitt problem; etter å ha kome drøyt halvvegs i boka innser eg at den er blotta for handling som engasjerer. På ein måte kan ein kanskje hevde at dette faktumet gjenspeglar livet til hovudpersonen i boka og derfor er naudsynt, men frå ein forfattar som på sin eigen internettside (http://www.ronniemaglarsen.no/) forklarer bakgrunnen for karriera med ein lovnad om at han aldri meir skal kjede seg burde det vere lov å håpe på ein innsats for at lesarane hans heller ikkje skal gjere det.

Sånn. Nok surmuling. Der er ein del bra også. Boka har eige lydspor, det er jo eit friskt og spanande tiltak. Men det eg hugsar best frå boka er eit knippe ordspel i toppklasse, som burde bli allemannseige på linje med "guten som ikkje kunne sykle for faren sat i styret" i mangel av betre eksempel.

Min favoritt frå boka:
"Om alt håp er ute, er det viktig å ikkje vere inne."
Håper forfattaren ikkje har brukt opp alle ordspela enno, men har spart nokre til neste bok. Eg kjem sikkert til å lese den også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride LindsethVidar RingstrømPiippokattaCathrine PedersenBjørg Marit TinholtRisRosOgKlagingIngeborg GBerretMariaBookiacTanteMamie