Viser 1 til 2 av 2 omtaler

I utgangspunktet en storslagen og fascinerende historie, men jeg går etterhvert lei fordi jeg ikke klarer å leve meg inn i handlingen og engasjere meg i bokens hovedpersoner.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brutalitet i Kina

Har brukt over gjennomsnittlig lang tid på boka. 573 sider fylte med personlege tragedier - fletta inn i politiske og historiske hendingar i Kina i frå ca 1900 og fram til moderne tid. Når eg i tillegg opplevde språket som til dels rått og overtydelig, så vart ikkje dette så enkelt å forholde seg til i haustmørket.

Historia startar med at sterke, tøffe mor Shangguan Lu (som baby) vert funnen i ei tønne mjøl etter drapet på foreldra. Hennar oppvekst hos tante og onkel er stort sett ok, når vi ser bort frå dei umenneskelege smertene ved snøringa av føtene! Ein forferdelig skikk!
Ho ber historia framover, gjennom tidleg bortgifting, ein valdelig ektemann, ei grusom, umenneskelig svigermor, mange barnefødslar - der den eine meir uønskte jenta etter den andre vert fødd - til ho tilslutt føder ein gut; Jintong. Men, medan jentene må verte tøffe for å greie seg, er den einaste guten ei svak sjel, han kan berre overleve på brystmelk...i årevis.

I meir enn halvparten av boka vert historia fortalt gjennom Jintong. På eit merkelig vis skiftar han mellom "jeg" og "han"....veit ikkje om eg forstod denne skiftinga av synsvinkel.? Vi følgjer familien Shangguan gjennom krig, opprør, revolusjon, svolt og personlege menneskelege tragedier. Kvinnebrystet er sentralt i heile romanen, der er innslag av sinnsjukdom, nekrofili, vald og død - fortalt på ein måte som overlet lite til fantasien. Og, der er flust av både gode og meir uvanlige språklige bilde:

Hun sto, som når to elskende møtes, foran ham, atskilt bare av en vindusrute der regndråper skled ned den ene siden, som tårer. Hun smilte, og åpenbarte to smilehull som alderen hadde gjort om til rynker. Selv gjennom glasset kunne han kjenne lukten av den sure enkepusten hennes, noe som sendte bølger av sympati buldrende inn i hjertet hans.

Eg er glad eg er ferdig, og veit ikkje om eg kjem til å lese meir av same forfattar, iallfall ikkje no. Eg forstår at tildelinga av Nobelprisen er omdiskutert, sjølv om eg berre baserer det på denne eine boka. Men- det at han set søkelyset på viktige historiske hendingar, negativt kvinnesyn, og kjem med velretta samfunnskritikk i romanen, gjer at eg kanskje må gi kar fem ?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

TanteMamiegretemorTor-Arne JensenmgeKirsten LundTone HTheaINA TORNESJanne Kristin HøylandArne SjønnesenVannflaskeRonnyIreneleserSolveigTuridmajaInger-LiseLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikToveBertyPiippokattaDaniel S.EvaCarine OlsrødAvaEileen BørresenReadninggirl30Kjell PsveinSissel ElisabethStig TLinda NyrudMarianne_BenteDemeterHilde H HelsethKristofferNorahLene AndresenAstrid Terese Bjorland Skjeggerud