Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Når Issy vert overflødig på kontoret, og for kjærasten Graeme, er det på tide å finna ein ny retning i livet. Ho gjer hobbyen til ein næringsveg, og opnar ein muffinskafe i nabolaget. Med på laget er romkameraten - og gresk gudinne - Helena, åleinemori Pearl, den perfekte - og nyskilde - Caroline, og rådgjevaren i banken, Austin.

Meet Me at the Cupcake Café er klassisk dameroman/ chick lit, rosa utanpå og rosa inni. Men det er ikkje nødvendigvis kjærleikshistoria(ne) som står i fokus, like viktig er historia om Issy og hennar forretningside. Og ikkje minst bakverka: her er det oppskrift frå Issy, bestefar Joe, og ei mindre vellukka frå Caroline. Det hjelper ikkje nett på det sukkersøte inntrykket, men gir ein litt ny innfallsvinkel til ein velkjent sjanger. I tillegg er dette eit velskrive bidrag til sjangeren, med sympatiske karakterar og ein forsiktig humor.

Jenny Colgan (f. 1972) er britisk forfattar, busett i Frankrike. Ho debuterte som forfattar i 2000, og etter dette har det komme ein roman eller tre i året. Meet Me at the Cupcake Café vart utgjeven i 2011, og den direkte oppfylgjaren Christmas at the Cupcake Café kom i 2012.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81Marianne  Skage