Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Vakkert om kjærleik

Elly bur saman med ei ustrukturert mor, ein noko fråverande far og storebror Joe. Elly opplever noko ekkelt, noko ho nesten ikkje skjønar. Stor vert derfor gleda når ho på julekvelden får kaninen gud av Joe. Med gud kan ho snakke om alt, og han er så snill og trufast, kan endåtil svare henne.
Elly får ei venninne, Jenny Penny. Ho vert den einaste og beste venninna hennar. Så når far får mange pengar, og dei reiser til Cornwall for å starte eit pensjonat, er Elly alt anna enn glad. Ho gjer alt ho kan for å halde kontakten med Jenny...

I del to er Elly vaksen, og møter både menneske og hendingar som skal prege henne i ulik grad.
Twin Towers 9/11 i New York får store konsekvensar for både henne og dei andre i familien. Kjærleik og omtanke vert viktigare enn alt!

Eg veit ikkje kor boka har hamna i mine hyller, og forventningane var så som så, men dette var ei bok som gav meg mykje!
Ein oppvekstroman som eg ville skulle vare lenge, lenge - og ei katastrofe som sette spor.
Fortener mange lesarar!

Godt sagt! (4) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Trude JensenKirsten LundAnniken RøilVilde Gran JohansenHanne MidtsundPiippokattaMarit HøvdeBertyTone SundlandStig TTheaKaren RamsvikHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikRisRosOgKlagingEllen E. MartolToveKaramasov11VibekeChristoffer SmedaasINA TORNESLise MuntheCathrine PedersenAnneWangBjørg L.BookiacHilde H HelsethHarald KBjørg Marit TinholtEvaHelena EJulie StensethBerit B LieTor-Arne JensenBenteBeathe SolbergAnnaCamillaMathiasAina Løhre