Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Sjølv om tittelen tyder «Gabriela, nellik og kanel» så handlar boka i liten grad om nellik og kanel, men ganske mykje om Gabriela. Men mest av alt handlar den om byen Ilhéus på nordaust-kysten av Brasil.

Den sørlege delen av delstaten Bahia, der Ilhéus ligg, opplevde ein eventyrleg økonomisk vekst på 1920-talet på grunn av kakao-plantinga i området. Med utviklinga av kakaohandelen så blei det også eit maktskifte i regionen, frå dei mektige og krigerske jordeigarane til kakao-eksportørane og handelsstanden. Grunna vanskelege havneforhold måtte kakaoen først fraktast landevegen til delstatshovudstaden Salvador, og dermed mista Ilhéus store inntekter frå den vidare eksporten. Sjølve katalysatoren for, og symbolet på, det omtalte maktskiftet var etableringa av ei havn i Ilhéus som var stor nok til å ta imot lasteskip for direkteeksport av kakao.

Det er midt i desse omveltningane vi blir kjende med Nacib, ein livsnytar av Syrisk herkomst som driv ein populær bar i Ilhéus. Når kokka hans pakkar saman og reiser kvelden før han skal servere for eit viktig middagsselskap kjem han i knipe, for det er umogleg å oppdrive kokker i byen. Ved eit slumpetreff kjem han over Gabriela, som har flykta frå tørken i innlandet for å finne ein leveveg i byen, og det viser seg at ho lagar fabelaktig mat. Når ho i tillegg er ei særs attraktiv dame ligg det an til både romantikk og forviklingar.

Kjærleikshistoria er, sjølv om retninga den tek vakte moralsk forargelse i Brasil då boka kom ut i 1958, likevel den minst interessante delen av boka. Det som virkelig løfter forteljinga er Amado sine skildringar av eit rikt og variert persongalleri. Scenene frå byen er mala ut med humor og varme, og ein får beint fram lyst til å klatre inn i boka for å slarve litt saman med gamlekarane i bokhandelen, slenge seg nedpå ein time eller to i baren til Nacib om ettermiddagen, eller dra på rangel nattestid. Og det beste er at når boka er ferdig, så følest det som om eg har vært med på alt dette.

Dette er ei av Amado sine mest kjende bøker, oversatt til over 30 språk, og den er filmatisert i fleire omgangar, tre gangar som TV-serie (1960, 1975 og 2012) og som kino-film (1983). Kinofilmen er å finne her.

Baren til Nacib, Bar Vesúvio, fantest forøvrig i virkeligheita og lever enno i beste velgåande (og det er sikkert ikkje ein ulempe med reklamen frå boka).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Thomas KihlmanDressmyshelfEllen E. MartolJBRoger MartinsenTherese HolmEgil StangelandJakob SæthreAud- HelenBård StørePiippokattaReidun Anette AugustinLailaHelena EGodemineritaolineHanne Kvernmo RyeMads Leonard HolviksomniferumStine SevilhaugAnne Berit GrønbechLars MæhlumJulie StensethAnnamarithcTonesen81Harald KTheaTove Obrestad WøienRufsetufsaKjetilJorund KorbiKjersti SLilith NagelIngunn SHeidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessing