Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg vart litt skuffa over biografien som Peter Ackroyd har skrive om Charles Dickens; det var mest fordi eg har lese boka hans om William Shakespeare tidlegare? Ackroyd registrerer det som skjedde og sper på med nokre sitat og har ein del velformulerte kommentarar, men elles blir dette nesten grått.

Men visst her er høgdepunkt; Ackroyd klarer å vise ganske fint korleis Dickens "relished the idiosyncrasies and mannerisms of his characters; once they had been created they continued to live within him as so many imaginary companions whom he delighted to introduce to others on appropriate occasions. What is more significant, perhaps, is the fact that he 'saw his characters in the same way that he had seen the characters of his childhood reading." Og slik held han fram med å fortelje kor levande romanfigurane vart for han som hadde skapt dei - og då er det vel ikkje så rart at dei blir levande for oss òg.

Eg finn berre éin feil i boka (eiptaph for epitaph, s. 138), men så kunne då forfattaren verkeleg ha vore flinkare til å føre opp og drøfte kjeldene sine!

Det er forresten viktig å få med seg at "Dickens actually underplayed the horror of life in the Yorkshire schools" (s. 142) - så var det altså verre på ordentleg!

I epilogen når Ackroyd dei høgene som boka om Shakespeare er så full av, så desse få sidene er det ein fryd å nyte.

Alt i alt gir boka god bakgrunn for å lese verk av neste års jubilant. Og eg kjem nok uansett til å skaffe meg biografiane om London (!) og Sir Thomas More.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaStig TAmanda ADemeterChristin SillibakkenCecilieLinda NyrudAgnete M. HafskjoldIngeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadGrete AastorpBente NogvaLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23Stine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo Rye