Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Rørende realistisk

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Pelle Erobreren
Dette storverket av Nexø er ein roman i fire deler som først kom ut på starten av 1900-talet.(1906-1910)

I 1877 kjem eit skip til Bornholm, Danmark. Mellom passasjerane er 8 år gamle Pelle og faren, Lasse. Dei har reist frå Sverige, frå naud og fattigdom, og ber med seg draumen om eit betre liv.
Men - å få arbeid er lettare sagt enn gjort. Lasse må seie ja til det minst attraktive, og får arbeid på Stengården. Det viser seg raskt at dette ikkje er svaret på draumane deira. Arbeids-og levevilkåra på Stengården er nesten føydale, arbeidstakarane lever som dyr med elendige butilhøve, dårleg mat, og lange, harde arbeidsdagar. Men, sidan nauda er stor, må dei takke til.
Alle tilløp til opprør vert slått hardt tilbake.
Pelle innser meir og meir at far Lasse ikkje er den sterke faren som han skulle ynskje. I staden er det Pelle som ofte må ta støyten for han.

Dei to første delane av romanen følgjer vi ungguten Pelle og faren i deira harde kvardag, og Pelle sitt strev for å få noko betre.
I dei to siste delane er Pelle vaksen, han forlet landsbygda og faren, og prøver lukka i byen. Nauda er stor også der, og han må tole mange skuffelsar og mykje motgang, svolt og naud.
Likevel gir ikkje Pelle opp, han drøymer om at verda skal bli betre for dei som lever nedst nede på rangstigen, han vel å kjempe for det han trur på.

Boka gjer inntrykk, levekåra som var småfolket sin kvardag her nord for meir enn 100 år sidan er nesten utenkjeleg for oss som lever i den rike delen av verda.
Nexø skriv godt, og han viser sterk sympati for miljøet han skildra, som skal vere delvis sjølvbiografisk.
Personleg fekk eg ikkje like mykje ut av fjerde delen, utan at den er mindre god av den grunn.
Av meg fekk boka terningkast 5

Den Oscarpremierte filmen om Pelle Erobreren av Bille August frå 1987 gav også mykje!

Må elles nemne at eg las "Ditte menneskebarn" av same forfattar for mange år sidan, den gjorde også sterkt inntrykk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete Amundsen