Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka innleiast med ei historie om korleis forteljaren har kome over eit gamalt manuskript som fortel om ein Adso frå Melk og tildragelsar han var vitne til i eit kloster på 1300-talet. Forteljaren greier vidare ut om korleis han har kome over andre brotstykke av den same historia i andre manuskript, og satt det saman til ei forteljing.

Det kan virke som om forfattaren vil setje lesaren på prøve i starten av denne boka, og også innimellom undervegs. Skal lesaren tru på at Eco fortel ei historie som han har funne i gamle manuskript? Har lesaren nok kunnskap om historiske, og særleg religiøse, forhold i europeisk seinmiddelalder til å henge med i forteljinga utan nærmare forklaringar? Forstår den vyrde lesaren aldri så lite latin? Innimellom kunne dette bli smått irriterande, og eg fekk lyst til å skulde Eco for å vere ein intellektuell posør. Men eg innser at dette er snevert av meg, og at eg heller burde søke å opplyse meg sjølv. Wikipedia-oppslag, til dømes. Dessverre hadde eg berre i avgrensa grad tålmod til å gjere dette.

Det er ei forteljing med mange lag. Eg skal ikkje ta på meg å hevde kor vidt det er skalet, eller om det er eit lag nærmare kjerna, men uansett så er eit av laga ei kriminalforteljing av brukbar kvalitet. Adso er i lære hjå fransiskanarmunken William frå Baskerville. Dei kjem til eit kloster i Nord-Italia i anledning eit viktig møte som skal foregå der. Men så startar det å dukke opp lik på klostert, det gjeng ein mordar laus. At munken William kjem frå Baskerville er neppe tilfeldig, dei fleste lesarar vil assosiere namnet med Sherlock Holmes-historia Hunden frå Baskerville. Og William er langt på veg ein Sherlock Holmes i denne boka, han prøver å kome til botnar i mordgåta. Spora peiker mot biblioteket. Midt oppe i dette eventyret så møter også Adso ei freistarinne. Eller er det kjærleiken?

Her ligg altså alt til rette for lesefest. Spørsmålet er om lesaren maktar å gape høgt nok til å få med seg heile måltidet. Sjølv klarte eg det berre delvis, ein del havna nok i skjegget.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F Tislevoll