Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er kanskje, reint litterært sett, den beste av bøkene hittil i serien. Ein kveld medan Karl Oskar er ute og arbeider på åkeren, kjem det ein framandkar ruslande langs stranda. Det viser seg å vere Robert, den yngre broren hans som tok i veg for fire år sidan for å gjere lukke som gullgravar i California. Men han er ikkje til å kjenne att, han har endra seg mykje både i utsjånad og sinnelag. Han har med seg ein svær pengebunke, «litt lommepengar» som han sjølv seier det, som han gir til broren, men Karl Oskar greier ikkje heilt å tru på at dette kan vere ordentlege pengar. Og kvar har det blitt av Arvid, sambygdingen og bestevenen til Robert som blei med på reisa?

Og her kjem det fine litterære grepet; Robert har eit vondt øyre, verk og øyresus, på grunn av ein lusing han fekk medan han var i teneste i Sverige. Om nettene, medan Robert prøver å sove, er det øyret hans som fortel historia om korleis det gjekk til på gullgravareventyret til Robert og Arvid.

Det er litt av ei historie øyret fortel. Det å kome seg til California var ingen enkel sak på denne tida, for det første trengst det ein del pengar, for det andre må ein reise på rett tid på året for å kunne kome seg fram. Og sjølv då er det ei strevsam og farleg reise, det var frykteleg mange som omkom medan dei freista å ta seg over til gullfelta på vestkysten. Og på sjølve gullfelta er det kanskje minst like farleg som på vegen dit. Ein får mellom anna høyre om ei bisarr hending, der det under ei gravferd bryt ut slåsskamp på liv og død når nokon oppdagar at der er gull i den nyoppkasta grava.

Men Robert greidde seg. Spørsmålet er berre på kva måte, og i kor stor grad Karl Oskar kan klare å lite på den nyrike broren sin. Den som les, får sjå. Og eg vil anbefale å lese.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ConnieEli HagelundPer LundKjersti SJulie StensethTor-Arne JensenStig TTone SundlandAnn ChristinPiippokattaVidar RingstrømGunillaRandiAMorten MüllerTorill RevheimMarianne AugustasiljehusmorSynnøve H HoelJBHarald KVariosaAvaInger-LiseHelena EAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBeate KristinAlice NordliHanne Kvernmo RyeTone HKirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieIngeborg GHeidi L