Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Trilogien om kong Sverre er reikna som hovudverket til Kåre Holt. Holt, som budde i Holmestrand, kalla skrivarstova si for Rafnaberg. Mannen fra utskjæret åpnar med ei scene der den no avlidne kong Sverre sin trufaste ven sidan barndomen, Audun, saman med kongsdattera Kristin gøymer seg for baglarane på garden Rafnaberg vinterstid. Audun nyttar dei lange vinterkveldane til å fortelje jomfru Kristin om livet til kong Sverre. Det var eit artig trekk å la garden ha same namn som skrivarstova til forfattaren.

I Mannen fra utskjæret får ein vite litt om Audun og Sverre sin ungdomstid på Kirkjubø på Færøyane, der dei begge blei underviste av biskopen Roe. Gunhild, mor til Sverre, fortel på dødsleiet sitt at det muligens er Sigurd Munn som er far hans, og at han såleis muligens er av kongeleg byrd. Etter kvart tek Audun og Sverre vegen til Norge, her let Sverre seg etter kvart rive med i maktkampen i landet, og han tek til å ymte frampå om at han sjølv har ambisjonar om kongsmakt.

Det er eit ganske komplekst bilete som teknast av den unge Sverre. Modig og viljesterk, men samstundes slu og omsynslaus. Han vil vere rettvis, men når han meiner omstenda krev det så gjeng han ikkje av vegen for å ofre uskuldige liv for at han skal få det som han vil. Så sympatisk kan ein neppe seie at Sverre er i denne boka, men ikkje heilt utan gode sider. Og sikkert ikkje verre enn andre som streba etter makt på denne tida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadPiippokattaAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund Ådnøy