Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg har nettopp lese meg, undra meg, råflira meg, hoffa meg, svartna meg, sjuka meg, opphissa meg, ilska meg, vonbrotne meg og gleda meg gjennom "U - historier om djevelskap" av den færøyske forfattaren Carl Jòhan Jensen. For ei framifrå original og fantastisk bok!

Må innrømme at eg først kjøpte og starta lesinga av boka av plikt; omsetjaren Lars Moa er ein god ven av meg (og medlem i same leseselskap). Når i tillegg Lars ringte meg frå Litteraturfestivalen på Lillehammer, slik at eg fekk snakke med forfattaren, var saken klar; her måtte eg berre komme meg gjennom dei 908 sidene –koste kva det koste ville.

Den første delen av boka var ganske tung å kome gjennom, her vart det nemnt mange namn og hendingar. Til tross for alle dei utfyllande fotnotane vart eg ikkje heilt overtydd om at dette var ei bok for meg, spesielt ikkje som sommarlesing. Dei nemnte fotnotane var òg litt forvirrande – kva ville forfattaren med desse? Etter kvart demra det for meg; i fotnotane sår forfattaren sjølv tvil om sannleiken i bokas innhald – titt og ofte seier fotnotane at forfattaren tek feil. Forfattaren viser òg til sikre kjelder om fleire av karakterane i boka, sjølv om karakterane heilt og halden er oppfunni av forfattaren sjølv. Eit artig og intelligent grep som etter kvart fører lesaren meir og meir inn i bokas univers. Fotnotane vart ikkje lengre til hinder for lesinga, tvert imot.

Etter den første delen, tek boka ein ny retning – her kjem utfyllande historier om det og dei som allereie er nemnt i første del, gjerne sett frå ein annan ståstad. Vi får vite meir om lagnaden til karakterane og gjerne også grunnen til at dei ter seg slik dei gjer. Her er hor, svik, kjærleik, dassturar, kåtskap, overtru, venskap, stoltheit, audmjuke, stormannsgalskap, attrå og sorg – akkurat som i sjølve livet.

Språket til forfattaren ber preg av at han har ei fortid som poet (han har fleire gonger vore innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris) - her er mange lyriske vendingar. Samstundes følgjer språket handlinga; mord, valdtekt, drukkenskap, dassturar, sex, vald og ureinslegheit blir skrive om på ein direkte måte. På ei og samma tid forferdeleg fælt og vakkert.

Kva handlar så boka om? Tja… Hovudhandliga samlar seg om forkynnaren Matthias og kjøpmannen i kjøttbua, Bænadikt. Begge har ei broka fortid. Alle som kjem ut for ein av desse to menna blir påverka, mest på vondt. Forkynnaren trur ikkje på Gud, medan kjøpmannen har nokre sære uvanar som etter kvart blir belyst. Liva deira blir tvinna saman når Matthias bur ovanfor kjøttbua i tida han arbeidar som lærar. Den islandske kvinna Saloma påverkar også det som kjem til å skje. For ikkje å røpe for mykje, lar eg bokomtalen kvile med dette.

Til slut må eg ta hatten av for omsetjaren; Lars Moas norske språkdrakt er ein fryd å lese. Språket er poetisk og samstundes rått. Ein bragd, rett og slett.

http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14782

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid Hilmer