Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Irriterende, belærende, skarp, morsom, kompromissløs og mer til. Min mest nærliggende sammenligning er en krevende fjelltur - ikke alltid lettgått, og selv om ikke hver meter er en fest, er det sekvenser her som blir sittende i for livet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Boka tek utgangspunkt i Sauda, orsak, den fiktive industristaden Lovra, og eit knippe forteljingar om menneske og lagnadane deira som på kvar sin måte kan seiast å vere tidstypiske for ulike bolkar av 1900-talet. Forteljingane kjem i nokonlunde kronologisk rekkefølge, men dette er også omlag det einaste stringente elementet i boka. Resten er ein Fløgstad i fri dressur, eit overflødigheitshorn av fabuleringar, innfall, digresjonar og ordspel, endelause setningar med hyppige spark til makthavarar og med enkelte drypp av misjonering for marxismen.

Eit høgdepunkt i boka er etter mitt syn skildringa av Hertingen, den første av hovudpersonane vi møter, sitt møte med ryfylkingane ettar at han har vandra over fjellet frå Rjukan. Og dialogen i det dei kjem i tale er veldig Fløgstadsk:

  • Kva er det den karen gjer på desse trakter?
  • Eg skal frigjere menneska ved å gjera meg sjølv fri.
  • Men det er umulig
  • Det er mulig. Men eg vil prøva likevel

Ein annan passasje eg likte svært godt er der Fløgstad, gjennom karakteren Glenn Helle, drøftar forskjelen på det å ta feil versus det å ha rett.

Dessverre vart det litt for mykje av alt i denne boka til at den fall 100% i smak. Eg merka at entusiasmen dalte litt dei siste 150 sidene, sjølv om dei personane som har hovudrollene mot slutten kanskje er dei mest publikumsvennlege. Men alt i alt er boka godt over middels leseverdig, og dei beste passasjane byr på både god humor og store leseopplevingar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen Børresenmge