Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Tidlegare i år las eg Det som ein gong var, den ferskaste boka til Magnhild Bruheim. Eg likte boka godt, blant anna på grunn av språket, og det var med ei viss forventning eg tok fatt på debutboka hennar, Varselet. Varselet er, i motsetjing til Det som.., ei krimbok. Eg elskar krim, spesielt krim med handling lagt til tida før mobiltelefonar og DNA-spor avgjorde mykje av saka. Derfor såg eg fram til å lese denne boka.

Boka tek for seg hendingar i ei bygd utan namn. Lenge har innbyggarane, med nokre års mellomrom, blitt plaga med eit vesen dei kallar "Langfyrkja”. Som oftast har vesenet blitt avslørt som ein eller anna sambygding med kjenslemessige problem. Vi lesarar kjem inn i handlinga nett når Langfyrkja på nytt er observert. Det nye no er at Langfyrkja har på seg ein plakat som varslar om at ei ulykke kjem til å hende. Vesenet skremmer både barn og vaksne og uroa spreiar seg omkring i bygda.

Sentrale i handlinga er Gunnar, Ingrid, Vigdis og Klara Viken. Dei er ein normal familie som har dei same gledene, problema og sorgene ein finn i ein kvar familie der det finns tenåringar (Vigdis). Vigdis blir forelska i Bjørn Sunde, ein ung og kjekk gut som lesaren skjøner ikkje er heilt til å stole på. Samstundes har bror til Ingrid, Nils Solbakken, sitt å stri med. Han har arva familiegarden og er ungkar med litt for mange svin på skogen.

Etter ein stund ser det ut som om Langfyrkja kan ha rett: det skjer ei ulykke.. Eller rettare sagt eit mord. Lensmann Storhaug og politibetjent Mons Strand, som blir innkalla frå Oslo, må ta tak i alt av sladder og rykte som spreiar seg rundt i bygda.

Må seie at denne boka skuffa meg. Språkleg når ho ikkje opp til forfattarens nyaste verk (kanskje litt utrettvist å samanlikne debutboka frå 1997 med boka frå 2010..) og handlinga er alt for enkel til at eg let meg fenge. Eg veit at forfattaren har skrive fleire bøker for ungdom, også krim, men denne boka er klassifisert som kriminalroman – altså for vaksne. Til trass for at eg ikkje var spesielt begeistra medan eg las, valde eg likevel å fullføre boka. Ein vil jo gjerne vete kven mordaren er og ofte kan ein få eit anna syn på ei bok ut frå det ein les på dei siste sidene. Dette var ikkje tilfelle denne gongen. Avslutninga var, for meg, like utilfredsstillande som resten av boka. Skal likevel gi Bruheim ein ny sjanse – eg veit jo at ho kan skrive godt og fengande!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørn SturødEllen E. MartolSynnøve H HoelKirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWang