Tekst som har fått en stjerne av Camilla Rojas:

Viser 1 til 2 av 2:

Endeleg mi fyrste John Green-bok, og eg trur eg skjønnar hypen. Eg er ikkje heilt frelst, men eg er overbevist om at dette funkar, og at han har noko å komma med. Det skjønte eg vel eigentleg før eg las Alaska, men det er jo greitt å få stadfesta positive forventningar, sjølv dei som er litt avventande - for det var eg heldigvis.

Hvem er du, Alaska? handlar om Miles Halter, som flyttar frå Florida til Alabama for å gå på internatskulen Culver Creek. Heime har han ingen vener og er lite populær, og er mest oppteken av siste ord. Han håpar at den nye skulen skal opna døra til noko anna enn livet han lever no.

På Culver Creek møter han Obersten, Takumi og den vakre og fasinerande Alaska. Ho røyker for å døy, har eit heilt livsbibliotek ho vil lesa gjennom og planlegg dei beste skøyarstrekane i skulen sin historie. Miles, som dei andre, fell pladask for Alaska, men når livet plutseleg vert snudd på hovudet står han att med alle spørsmåla. Kva er historien hennar? Kvifor vel ho som ho gjer? Kven er eigentleg Alaska?

John Green ville skriva ein historie om ungdom som opplever tap, sorg og skuld. Men Hvem er du, Alaska? er òg ei historie om venskap og håp, og om at dei siste orda kanskje ikkje er dei viktigaste. Dette var debutromanen til Green, og den vart godt motteken, men den store internasjonale gjennombrotet hans kom ikkje før i 2012 med The Fault in Our Stars (Faen ta skjebnen). Den gjorde at òg hans tidlegare forfattarskap fekk merksemd - vel fortent, spør du meg.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg likte den første boka utrolig godt, den andre var også kjempe bra, men den tredje levde liksom ikke helt opp til de to andre.. Men hvis du ikke leser den siste kommer du vel til å bli sittende å lure på hva som skjer til slutt? De er jo ikke de tykkeste bøkene som finnes, så det er verdt å invistere litt tid på:) Jeg bare skumleste en del avsnitt i den tredje boka, så jeg gikk glipp av en del action men fikk med meg de viktige hendelsene;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne Jensen